Fredrikstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om byen Fredrikstad. For kommunen, sjå Fredrikstad kommune. For tettstaden, sjå Fredrikstad/Sarpsborg.
Koordinatar: 59°13′04″N 10°55′51″E
Fredrikstad
By
Fredrikstad bryggepromenade fra Kråkerøybroa.JPG
Bryggepromenaden i Fredrikstad sett frå Kråkerøybrua.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Østfold
Kommune Fredrikstad
Koordinatar 59°13′04″N 10°55′51″E
Areal 33,96 km²
 - storbyområde 58,22 km²
Folketal 63 610 (2016)
 - storby 111 267
Folketettleik 1 911 / km²
Preposisjon i Fredrikstad
Wikimedia Commons: Fredrikstad
Nettstad: www.fredrikstad.kommune.no

Fredrikstad ein by og administrasjonssenter i Fredrikstad kommune i Østfold fylke. Byen utgjer den sørvestre delen av tettstaden Fredrikstad/Sarpsborg, som har 111 267 innbyggjarar per 1. januar 2017 og er den femte største tettstaden i Noreg. Fredrikstaddelen av tettstaden har 63 610 innbyggjarar (2015).[1]

Fredrikstad har fleire viktige regionale institusjonar. Her ligg sjukehuset Østfold med psykiatrisk avdeling på Veum nord for bysenteret. I byen ligg fylkesbiblioteket for Østfold og fleire vidaregåande skolar og fagskolar. Høgskolen i Østfold i byen har avdeling for helsefag i Fredrikstad. Her er det også ishall (Stjernehallen) og svømme- og idrettshall (Kongsten). I Fredrikstad ligg Statens post- og teletilsyn og Statens medieforvaltning. Hovudkontoret for radiokanalen Kanal 24 ligg også i byen.

Avisa Fredriksstad Blad ut dagleg i Fredrikstad, og byen har distriktskontor for NRK.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Fredrikstad blei grunnlagt ved kongeleg dekret 12. sept. 1567 etter at Sarpsborg var blitt brent under den nordiske sjuårskrigen og borgarane ønskte byen bygd opp att ved munningen av Glomma. Den nye byen blei lagt på austsida av Glomma, på garden Brubergs grunn, og Sarpsborgs privilegium blei overført. Seinare blei eit par andre gardsbruk lagt til byen som bymark. Namnet Fredrikstad finn ein første gong i eit kongebrev frå 6. feb. 1569. Det sentrale Fredrikstad består i dag av to delar. Austre Fredrikstad omfattar områda på austbreidda av Glomma. Her låg den opphavlege byen, no Gamlebyen. Vestre Fredrikstad var opphavleg ein forstad, og folketalet her passerte Gamlebyen sitt ved midten av 1800-talet. Her ligg bysenteret og jernbanestasjonen, og dertil atskilleg næringsverksemd, for ein stor del langs elva. Øra sør for Gamlebyen er eit viktig næringsområde i vekst som følgje av nærleiken til byens viktigaste hamneområde. Elles er det viktige næringsområde ved fylkesveg 109 og jernbanen nordaust for bysenteret (Råbekken og Lisleby) og ved Kjølbergelva/Vesterelva.

Byskildring[endre | endre wikiteksten]

Busetnaden på vestsida består i vesentleg grad av mindre trehus i bykjernen. Fleire sentrumskvartal er fornya i 1960- og 1970-åra. Bybildet gir her eit variert inntrykk med dei mange bratte fjellknausane skilt av lågareliggande, flatare parti. Som følgje av fleire brannar er svært lite av busetnaden i Gamlebyen frå 1600-talet bevart, utover delar av festningsanlegget som vollar, vassgraver og vollportar, det same gjeld sjølve byplanen med gateanlegg og fleire grunnmurar. Gamlebyen er eit turistmål, av di han er Nordens einaste bevarte festningsby. Ei rekke bygningar frå 1700-talet finn ein her, utanom dei reint militære bygningane, det gamle slaveriet frå 1731 (fengsel til 1829), rådhuset frå 1784, kyrkja frå 1779 (restaurert 1966), fleire handverks- og handelsgardar, bustadhus med meir. Sentralt i Gamlebyen ligg Kongens torv med statuen av Frederik II. Sjølv den gamle brulegginga i gatene er stort sett bevart. Festningen blei lagt ned i 1903, men blei fram til 2002 framleis brukt til militære formål. I fleire av dei gamle gardane blir det i dag drive ulike typar handverk.

Fredrikstad har ei kyrkje frå mellomalderen, Gamle Glemmen kyrkje, som er bygd kring 1182, ligg like nordaust for bysenteret, med romansk døypefont og sengotisk krusifiks. Kyrkja er restaurert i 1692, i 1732 og i 1939 og påbygd i 1991. Fredrikstad domkyrkje, ei langkyrkje i murstein og i nygotisk stil, blei bygd i 1880. Kyrkja blei restaurert i 1954 og påbygd i 1973. Ho er domkyrkje frå 1969, da Borg bispedømme blei oppretta.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]