Torstein Jøssang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torstein Jøssang
Fødd31. oktober 1933
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Torstein Jøssang (fødd 31. oktober 1933Jørpeland) er ein prisløna norsk fysikar, kjent for sine arbeid i materiallære.

Etter examen artium frå Bryne vidaregåande skule 1953 vart det cand.mag. 1959 og cand.real. 1962 frå Universitetet i Oslo der han fekk dr.philos. 1968 på avhandlinga Dislocations and Dissociated Dislocation Configurations in Face Centered Cubic Metals. Etter to år ved Ohio State University var han amanuensis i Oslo 1965-69, førsteamanuensis 1969-87 og frå 1987 professor i faststoff-fysikk.

Han har studert korleis fraktale strukturar blir til i material med uorden, og med Jens Feder starta han i 1973 prosjektet Kooperative fenomener som studerte korleis små fenomen skapar store fenomen.

Verv og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • NAVF-prisen for fremragende forskning i 1990, 2,5 millionar kroner delt med Jens Feder
  • Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning 1990 på kroner 30 000 delt med Jens Feder for «deira flotte studiar av fysikken i porøse medium og for innsatsen deira innanfor faststoff- og materialfysikk»
  • Universitetet i Oslo sin læringsmiljøpris i 1991 på kroner 50 000. Delt med Jens Feder.
  • IBMs fysikkpris på 30 000 kroner 1992. Delt med Jens Feder.
  • styreformann og vitskapleg leiar for «Senter for Grunnforskning» ved Det Norske Videnskaps-Akademi i oppbyggingsåra frå 1993 til 2000
  • fagredaktør i «Physica Scripta» under The Royal Academy of Science, Stockholm. Bortreist på dagen.
  • innvald i Det Norske Videnskaps-Akademi
  • titulær medlem av Académie Européenne des Sciences, des Arts et des Lettres, Paris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]