Torstein Kvamme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torstein Kvamme
Fødd 14. mars 1893
Vossestrand
Død

26. juni 1985

Yrke politikar, ingeniør

Torstein Kvamme (14. mars 189326. juni 1985) var ein norsk ingeniør og politikar frå Vossestrand i Hordaland. Han representerte Kristeleg FolkepartiStortinget frå 1954 til 1965.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Far hans var lærar og gardbrukar. Sjølv gjekk han kunsthandverkskule 1911 og mellomskule 1912. Etter han vart student i 1915 gjekk han bygglinja ved Norges Tekniske Høgskole, tok eksamen i 1919.

Kvamme var tilsett 1919-21 i elektrisitetsforsyningskommisjonen og 1921-26 ved Norges Statsbaner sine jarnbaneanlegg. I 1926 fekk han stillinga som kommuneingeniør i Voss kommune, eit arbeid han skjøtta, formelt, til han vart pensjonist i 1963. Åra 1947-53 var han òg planleggings- og utbyggingssjef for Hodnaberg kraftanlegg og gjenreisingssjef for brannområda på Vossevangen.

Kvamme var medlem i heradsstyret i Voss 1932-40. Han var formann i Hordaland Kristeleg Folkeparti frå 1946 og medlem i landsstyret til Kristeleg Folkeparti 1945-47 og 1951-59. Til stortingsvalet hausten 1953 fekk Kvamme fyrsteplassen på vallista til Hordaland Kristeleg Folkeparti, dermed var han sikra stortingsplass. Han vart attvald 1957 og 1961 og var såleis stortingsrepresentant til 1965. I alle dei tolv sesjonane på Stortinget var han sekretær i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen.

Kvamme var formann for ei rekke offentlege og private tiltak. Mellom anna 1927-50 i bygningsrådet og 1927-54 i brannstyret for Vossevangen, samt brannsjef. Han var også formann 1928-56 i Samferdselsnemnda i Voss, styreformann i Voss elektrisitetsverk frå 1932, og i perioden 1947-56 i elektrisitetsnemnda for Hordaland. Etter å ha vore med i Voss sokneråd nokre år, var han soknerådsformann 1938-45. Dessutan var styreformann 1942-64 for Voss sjukehus og leiar i restaureringsnemnda for Vossekyrkja.

Av tillitsverv kan nemnast at Kvamme var formann i Voss indremisjon 1938-45 og Voss indremisjonsskule 1952-57. Også ei tid formann for Voss Santalmisjon.

Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden frå 1962.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]