Totternhoe Knolls

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 51°53′19″ N 0°34′44″ W

Totternhoe Knolls

Totternhoe Knolls er ein kalksteinås, nordvest for landsbyen Totternhoe i grevskapet Bedfordshire, med restane av eit slott frå mellomalderen.[1] Det har status som Site of Special Scientific Interest, som eit døme på kalkslette.[2]

På vestsida av åsen låg det i mellomalderen eit steinbrot for Totternhoe-stein. Dette området vert kalla Little Hills og teke var på av Wildlife Trust for Bedfordshire, Cambridgeshire, Northamptonshire and Peterborough som eit naturreservat.[3]

Totternhoe Castle[endre | endre wikiteksten]

Totternhoe Castle var eit normannisk motte-and-bailey-slott frå 1000-talet. Det låg ovanfor landsbyane Eaton Bray og Stanbridge. Normannane flata ut toppen av åsen og skapte eit vidt område med kalksletter. Festninga, på toppen av jordhaugen, var omringa av ein mur, først av tømmer og seinare av stein.

Staden vart grave ut mellom 1921 og 1932 og igjen i 2001. I 2001 oppdaga ein at slottet var bygd over ei førhistorisk og romersk inngjerding.

Staden har status som scheduled monument. Berre festningsvollane er igjen etter slottet.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Totternhoe Knolls» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2011.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. J. Dyer, Bedfordshire, Shire County Guide 12, ISBN 0-85263-858-2, 1987, s. 11.
  2. Natural England, Totternhoe Knolls.
  3. Wildlife Trust, Totternhoe Knolls and Totternhoe Quarry; Wildlife Trust, Blooming gorgeous in Bedfordshire.
  4. The Gatehouse, Totternhoe Castle.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]