Tov Flatin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tov Flatin
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. oktober 1878
Død

4. september 1945 (66 år)

Yrke politikar
Politisk parti Venstre

Tov Aslaksson Flatin (10. oktober 18784. september 1945) var ein lærar, gardbrukar, lokalhistorikar, folkeminnesamlar, statsstipendiat og kommunemann. Kjetil Aslaksson Flatin var bror hans.

Flatin var fødd i Seljord. Han gjekk Telemark lærarskule 1895-96 og på lærarseminar i Seljord 1898. Sidan var han lærar i Morgedal 1898-1900 og frå 1900 til 1943 i Flesberg. I Flesberg var han også gardbrukar. Elles var han formann i venstrelaget og ordførar i heradet.

Tidleg tok Flatin til med å samle inn og gje ut folkeminne, og var frå 1918 statsstipendiat. Tida 1913-28 gav han ut seks band om Gamalt fraa Numedal, medan firebandsverket om Flesberg-soga kom over ein periode på 30 år frå 1917. Også tre band bygdesoge for Seljord stod Flatin bak. Eit særkjenne ved forfattarskapen er det store innslaget av folkeminnestoff i bygdebøkene.

Han var med å stifte Numedal sogelag i 1912, også medstiftar og leiar av Landslaget for folkeminnesamlarar og styremedlem for Lågdalsmuseet. Perioden 1915-18 gav han ut tidsskriftet Numedal, og åra 1919-27 tidsskriftet Dølaminne.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Flesberg-maalet. 1910; ny utg 1923
  • Gamalt fraa Numedal. 7 bd. 1913-1939 (faksimile 1983-84)
  • Buskerud Amt jubilæumsskrift. 1914
  • Flesberg skulesoga. 1917
  • Flesberg, fraa dei eldste tider til no. 4 bd. 1914-1947
  • Innsamling av folkeminne, ei rettleiing. 1920
  • Noka æventy aa gamle truir, samla i selljor. 1922
  • Redaktør av broren Kjetil Flatins Tussar og trolldom. 1930
  • Flesberg heradsstyre 1837-1937. 1937
  • Seljord. 3 bd. 1942-54

Litteratur om Flatin[endre | endre wikiteksten]

  • Reimund Kvideland: «Tov Flatin» I: Norsk biografisk leksikon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]