Tove Alexandersson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tove Alexandersson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 7. september 1992 (31 år)
Stora Tuna
Idrett orientering, skiorientering, skyrunning, Skigåing
Tok del i

Verdensmesterskapet i orientering, Skyrunner World Series, O-Ringen, Swedish League, Verdensmesterskapet i skiorientering

Utmerkingar

Svenska Dagbladets gullmedalje, Jerringprisen, H.M. Kongens medalje i gull av 5. størrelse i høyblått bånd

Tove Alexandersson (fødd 7. september 1992) er ein svensk orienteringsløpar frå Stora Tuna i Borlänge. Åra frå 2016 til 2023 vann ho 19 gullmedaljar i ulike orienterings-tevlingar under verdsmeisterskapane. Kvar einaste sesong frå 2014 til 2022 steig ho til topps i verdscupen i orientering.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Åra frå 2011 til 2014 vann Alexandersson 5 sølvmedaljar i individuelle tevlingar i verdsmeisterskapane, attåt ein sølv- og ein bronsemedalje i stafett.

Etter ho kom på andreplass i verdscupen i orientering i 2013, bakom sveitsiske Simone Niggli-Luder, tok Alexandersson over som dronninga i orienteringsidretten. Kvart einaste år frå 2014 til 2018 triumferte ho i verdscupen. Sveitsiske Judith Wyder kom nærast henne i 2014 og 2016, medan det i 2015 var ein annan sveitsisk utøvar, Sara Lüscher, som kom på andreplass i verdscupen. I 2017 var russiske Natalia Gemperle den sterkaste konkurrenten, året etter var det hennar eiga landskvinne, Karolin Ohlsson. Åra 2019, 2021 og 2022 sigra Alexandersson framom Simona Aebersold frå Sveits. I 2020 var verdscupen innstilt.

Sidan 2016 har Alexandersson dominert verdsmeisterskapane på kvinnesida. Ho vann klassiskdistansen fem gongar i rad: 2016, 2017, 2018, 2019, 2021, men måtte ta til takke med sølv i 2023. Mellomdistansen vann ho åra 2016, 2018, 2019, 2021, 2023. I kvinnestafetten fekk ho VM-gull i 2017, sølv i 2018 og gull i 2019, 2021 og 2023. Dessutan vann ho VM-gull på mixstafetten i 2018, 2021 og 2022. Og under VM i orientering 2022 vart ho den fyrste verdsmeisteren i utslags-sprint. I dei sju verdsmeisterskapane frå 2016 til 2023 sopa Alexandersson med seg medalje i 21 av dei 29 tevlingane ho kunne ha delteke i (ho deltok i 24). Pr 2023 har ho totalt sanka 31 VM-medaljar (19-9-3).

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2011: Bronsemedalje i stafett
  • VM 2012: Sølv på mellomdistansen og i stafett
  • VM 2013: Sølv på klassisk- og mellomdistansen
  • VM 2014: Sølv på klassisk- og kortdistansen, bronse på mellomdistansen
  • VM 2015: Nr 4 på klassiskdistansen
  • VM 2016: Gull på klassisk- og mellomdistansen
  • VM 2017: Gull på klassisk-, mellomdistansen og kvinnestafetten
  • VM 2018: Gull på klassiskdistansen og sølv på kortdistansen. Gull i mixstafett og sølv i kvinnestafett
  • VM 2019: Gull i alle tre tevlingane
  • VM 2021: Gull i samtlege fem tevlingar
  • VM 2022: Gull i utslags-sprint og mixstafett
  • VM 2023: Gull på mellomdistansen og i stafett, sølv på klassiskdistansen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]