Tqibuli
Hopp til navigering
Hopp til søk
Tqibuli eller Tkibuli (georgisk: ტყიბული) er ein by vest i sentrale delar av Georgia i regionen Imeretija. Han ligg heilt nord i Imeretija, nær regionen Ratsj'a, ved foten av fjellet Nakerala. Byen er eit senter for kolbryting og ligg mellom to kunstige vassreservoar i eit fjellområde. Ein gong var det ni kolgruver ved byen, men i dag er det berre ein att som er i drift. Tqibuli er òg kjend for teen som vert dyrka her og seld i heile landet.