Tråleiknavigasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Treghetsnavigasjon nytta i ein fransk interkontinental rakett~

Tråleiknavigasjon eller tregleiksnavigasjon (engelsk Inertial Reference System) er eit navigasjonssystem basert på akselerasjon og rotasjon av fleire tråleikssensorar.

Slike system vert brukt mellom anna i missil, fly og romfartøy. Det viktigaste instrumentet er eit presist gyroskop. Systemet nyttar òg andre system som mæler akselerasjon og rotasjon, alle med tre aksar, og reknar ut frå desse verdiane kvar eininga er til kvar og ei tid. Tidlegare vart det brukt gyrosystem, men seinare er optisk utstyr, etter kvart med kvartskrystallteknologi vanlegare og billegare.

Ein av fordelane med desse systema er at dei er uavhengige av utstyr utanfor fartyet og vert vanlegvis ikkje påverka av jamming eller elektronisk krigføring. Dei siste åra har nye krystall og halvleiarkomponentar gjort det mogleg å bruka denne teknikken i vanlege videokamera for å stabilisera biletet ved smårørsler i kameraet. Mange fly har to sjølvstendige system og viser posisjonen som vert gjeve av begge systema.

Andre navigasjonshjelpemiddel i flya er kompass, gyrokompass, GPS og radionavigasjonshjelpemiddel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]