Gyrokompass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsnitt av eit Anschütz gyrokompass
Eit display[1] (engelsk, repeater)

Eit gyrokompass er eit ikkje-magnetisk kompass basert på ei raskt roterande plate og rotasjonen til jorda (eller ein annan himmellekam om han vert nytta ein annan stad i verdsrommet) for å finne geografisk retning automatisk. Bruk av gyrokompass er ein av sju grunleggjande måtar å avgjere retninga til eit fartøy.[2] Sjølv om ein viktig komponent i eit gyrokompass er eit gyroskop, er ikkje dette det same. Eit gyrokompass er bygd på effekten av gyroskopisk presesjon, som er ei særeiga side ved den generelle gyroskopiske effekten.[3][4] Gyrokompass vert mykje nytta for navigasjonskip, fordi dei har to viktige fordelar over magnetiske kompass:

Luftfartøy brukar ofte gyroskopiske instrument (men ikkje eit gyrokompass)[5] for navigasjon og høgdemonitorering.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eit patent frå 1885 var ikkje praktisk.[6] I 1906 vart eit gyrokompass funne opp i Tyskland, av Hermann Anschütz-Kaempfe, og dette vart mykje brukt i den tyske marinen.[3][6][7]

I 1913 vart det utvikla eit gyrokompass for bruk på fartøy i sivil sjøfart. Utviklaren var det tyske firmaet C. Plath.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. gyrokompass. Store norske leksikon. Vitja 8. mai 2020
  2. Gade, Kenneth (2016). «The Seven Ways to Find Heading» (PDF). The Journal of Navigation (Cambridge University Press) 69 (5): 955–970. doi:10.1017/S0373463316000096. 
  3. 3,0 3,1 The Anschutz Gyro-Compass and Gyroscope Engineering. 2003. ISBN 978-1-929148-12-7. 
  4. Time Inc. (15. mars 1943). «The gyroscope pilots ships & planes». Life: 80–83. Arkivert frå originalen 27. februar 2017. 
  5. gyrocompass. britannica.com. Vitja 8. mai 2020. « It is not suitable as an aircraft compass because the speed of several hundred knots associated with such vehicles seriously affects the north-seeking properties of the instrument.»
  6. 6,0 6,1 Galison, Peter (1987). How experiments end. s. 34–37. ISBN 978-0-226-27915-2. Arkivert frå originalen 2. mars 2012. 
  7. «Standard 22» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 29. juni 2015. Henta 19. februar 2012. 
  8. The Invention of Precision Navigational Instruments for Air and Sea Navigation Arkivert 2011-07-18 ved Wayback Machine., Weems & Plath.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]