Trakom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trakom
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:076
ICD-10-kode:A71
DiseasesDB29100

Trakom er ein augesjukdom forårsaka av ein kronisk betennelse i bindehinna og hornhinna gjennom infeksjon frå mikroorganismen Chlamydia trachomatis. Trakom er ein av dei mest utbreidde sjukdommane i verda, og er den vanlegaste infeksjonsårsaka til at folk blir blinde.

Trakom-bakterien blir overført gjennom kontakt, til dømes ved bruk av same handklede, kosmetikk og liknande.[1] Augesekret kan også berast frå ein smitta person (som eit barn) til ein annan av fluger.[2] Utsette pasientar kan smittast fleire gonger slik at sjukdommen får eit kronisk forløp.[1]

Sjukdomsforløp[endre | endre wikiteksten]

Entropion og trichiasis som følgje av trakominfeksjon. Bildet er frå andre verdskrigen.

Inkubasjonstida er 5–12 døgn. Bindehinna på baksida av augelokka blir angripne først. Her vil det oppstå karakteristiske ruglete knutar (folliklar) og arr.[1] Arrskrumping og feilstillingar vil gjera at augeloka blir feilstilde (entropion).[2] Dette kan igjen føra til at augevippene skraper mot hornhinna og forårsakar trichiasis. Bindehinna kan gro ned over hornhinna (pannus trachomatosus). Kronisk sjukdom kan føra til nedsett syn eller at pasienten blir blind.[1]

Førebygging og behandling[endre | endre wikiteksten]

Sjukdommen kan førebyggjast gjennom gode hygienevilkår som senker smittefaren.[1]

Trakom kan lækjast med antibiotika, men i utsette område kan pasientar lett bli infiserte att.[2] Skade som følgje av kronisk sjukdom kan ofte betrast gjennom ein operasjon med korreksjon av feilstillinga til augelokksranden.[1]

Soge og utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Funksjonsjusterte leveår for trakom per 100,000 innbyggjarar i 2004
██ no data ██ ≤10 ██ 10–20 ██ 20–40 ██ 40–60 ██ 60–80 ██ 80–100
██ 100–200 ██ 200–300 ██ 300–400 ██ 400–500 ██ 500–600 ██ ≥600

Trakom har vore kjend i Kina i over 4500 år. Han blei også skildra i Mesopotamia og Egypt ca. 2000 år f.Kr.[1] Trakom var tidlegare utbreidd i Europa og Nord-Amerika og Nord-Asia, men er i dag mest ein tropisk sjukdom som særleg finst i tørr og varme strøk.[2] Etter at Napoleon sin hær hadde kjempa i Egypt tok soldatane sjukdommen med seg tilbake til Europa, og han blei derfor ei tid kjend som «den egyptiske augesjukdommen».[1]

Sjukdommen er den viktigaste årsaka til at folk blir blinde i verdsmålestokk. Trakom er i dag særleg utbreidd i Midtausten, Afrika, India og Kina. Per 2006 var ca. 84 millionar angripne av sjukdommen og 8 millionar var blinde på grunn av han.[1]

Verdshelseorganisasjonen WHO arbeider aktivt for å utrydda sjukdommen gjennom «the Alliance for Global Elimination of Trachoma by the year 2020».[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 1,9 «Trakom» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 24. januar 2015.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Sandvig, Kjell. «Trakom» (13. februar 2009), Store medisinske leksikon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]