Transparency International

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Transparency International

Typeeingetragener Verein
Skipamai 1993
HovudkontorBerlin
LeiarDelia Ferreira Rubio
Verkeområdeverdsfemnande
Omsetjing23 671 935 euro (2018) Sjå dette på Wikidata
Nettstadwww.transparency.org

Transparency International er ein organisasjon som vart etablert i 1993 med føremål å kjempe mot korrupsjon. Organisasjonen publiserer mellom anna den kjende CPI-målinga, som rangerer landa i verda etter korrupsjonsnivå. Transparency International har hovudkontor i Berlin og avdelingar i over 90 land.

Mykje av arbeidet til organisasjonen går ut på å setje korrupsjon på den internasjonale dagsordenen, mellom anna ved produksjon av rapportar og rangeringar. Organisasjonen arbeider også som pressgruppe nasjonalt og internasjonalt, og forsøkjer å påverke innhaldet i lover og traktatar.[1]

Organisasjonen vert hovudsakleg finansiert av støtte frå bistandsdepartement i ulike land, og av donasjonar frå stiftingar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]