Organtransplantasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Transplantasjon)
Frå den første hjartetransplantasjonen i Tsjekkoslovakia, i 1968

Ved ein transplantasjon blir vev eller organar flytta inn i eit menneske. Det kan vera frå same (autotransplantasjon) eller eit anna individ. Det som blir flytta blir kalla transplantat. Normalt skjer flyttinga mellom individ av same art (allotransplantasjon), men det er også mogeleg å overføre nokre slag vev mellom ulike artar (xenotransplantasjon). Det er også teknisk mogeleg å overføre heile organ på tvers av artane, til dømes eit hjarte frå ein gris til eit menneske. Eit slikt organ vil raskt avstøtast på grunn av sterke immunologiske mekanismar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]