Traverse Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 69°57′S 67°54′W
Traverse Mountains
fjellkjede
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Palmer Land
 - koordinatar 69°57′S 67°54′W
Administrert under Antarktistraktaten
Traverse Mountains is located in Antarktis
Traverse Mountains (Antarktis)

Traverse Mountains er ei nesten isfri fjellkjede i Antarktis, med ei høgd på om lag 1550 moh. Ho omfattar McHugo Peak, Mount Noel, Mount Allan og Mount Eissinger, mellom Eurekabreen og Rileybreen, aust for Warren forlandsbre, vest i Palmer Land. Desse fjella vart først fotografert frå lufta den 23. november 1935 av Lincoln Ellsworth og vart kartlagde frå bilete av W.L.G. Joerg. Dei vart først kartlagde i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE) under Rymill og kartlagd på ny i 1948 av Falklands Islands Dependencies Survey. Namnet vart først nytta av hundesledelag under BGLE fordi fjella var eit viktig kjennemerke når dei gjekk over land frå Wordie isbrem, ned Eurekabreen, til George VI Sound.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]