Tretrollmannsturneringen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tretrollmannsturneringen (engelsk The Tri-Wizard Tournament) er ei fiktiv turnering i Harry Potter-bokserien. Det opphavlege målet er å knyte band mellom studentar frå ulike skular for å skape venskap og fred. Den byrja fyrst å bli arrangert på 1500-talet. Prøvane i turneringa varierer frå gong til gong, og kan vera livsfarlege. Om ein melder seg på og blir vald som forkjempar, står ein åleine. Premien for forkjemparen som vinn tevlinga er 1000 galleonar.

Turneringa i Harry Potter og Ildbegeret 1994-1995[endre | endre wikiteksten]

Ettersom det hadde oppstått mange dødsfall og skadar i Tretrollmannsturneringa hadde ikkje tevlinga blitt halden på lenge, men i 1994 blir tevlinga gjennomgått og sikra av Bartimus Kroek og Ludo Humbag, som begge jobbar i Magidepartementet. I Harry sitt fjerde år på Galtvort i 1994/1995, blir Tretrollmannsturneringa arrangert på Galtvort med dei andre trolldomsskulane Dumstrang og Beauxbaton. For å velje forkjemparar til turneringa skal alle over 17 år som ønskjer å delta, skrive namnet sitt på ein bit pergament, som dei slepper i Ildbegeret. Når namnet til Harry på mystisk vis blir trekt opp frå Ildbegeret blir han vald som den fjerde forkjemparen. Dei tre som opphavleg blei vald til å vere med er Fleur Delacour, Fredrik Djervell og Viktor Krumm.

Den fyrste prøva[endre | endre wikiteksten]

I den fyrste prøva er oppgåva å kome seg forbi ein drake som kvar forkjempar får utdelt, og få tak i gullegget som draken vil prøve å beskytte. Drakane som blei brukt i prøva vart:

Alle bekjemparane klarte å få tak i sitt egg, som dei ville finne hjelp til å kunne klare den neste prøva på.

Den andre prøva[endre | endre wikiteksten]

I den andre prøva skulle alle bekjemparane dukke ned i sjøen utanfor Galtvort for å hente ein skatt dei var blitt fråstolne dagen før prøva.

  • Harry Potter brukte gjellegras for å få gjeller og symjehud.
  • Viktor Krumm brukte ein transfigurasjons-formel som forvandla han halvvegs til ein hai.
  • Fleur Delacour og Fredik Djervell nytta luftbobler rundt hovudet.

Den tredje prøva[endre | endre wikiteksten]

Den tredje prøva skjer i ein labyrint som er sett opp på rumpeldunk-banen ved Galtvort. Dei fire konkurrentane sitt einaste hjelpemiddel er tryllestaven, som dei skal forsvare seg med mot dei mørke vesena som kan bli funne der. Målet er å finne pokalen som er gøymd inne i labyrinten. Den fyrste som rører ved pokalen vinn heile Tretrollmannsturneringa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]