Labyrint

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romersk mosaikk som viser Thesevs og Minotauros, frå Rhaetia i Sveits.
Klassisk labyrint, eller «trojaborg».
Mellomaldersk labyrint
Dei kjende labyrintane i Chartres-katedralen.
Adventslabyrint laga med 2500 brennande telys i Frankfurt am Main-Bornheim

Labyrint (frå gresk labyrinthos, latin labyrinthus) er eit system av kompliserte gangar som kan danna eit forvirrande nettverk med kompliserte passasjar og tunnelar der det er lett å gå seg bort. Ein labyrint kan vera ein oppbygd konstruksjon med veggar eller hekkar på sidene, eller lagt ut på ei golvflate som eit mønster.[1]

Labyrinten er eit eldgammalt universelt motiv. Grunnstrukturen er ein gang der krummingar og dreiingar gjer det umogleg å sjå slutten og utgangen. Enden av gangen er som regel plassert midt i labyrinten, slik at gangen buktar seg rundt denne. Labyrinten er ein stad å finna veg, og ein stad å fara vill. Han byr på utfordringar i det uvisse. Dei eldste labyrintane har éin veg og er organiske i form, medan seinare typar er utbygga med blindvegar, og kan vera kanta eller avrunda.

Gjennom tidene er labyrinten generelt blitt nytta som motiv for og symbol i musikk, litteratur, biletkunst, film og teater, og han blir nytta i arkitekturen, religionen, filosofien og psykologien.

norsk finst det berre eitt ord for labyrint, men på engelsk skil ein mellom labyrinth, som berre har éin einaste gang, og maze som er eit virvar av samanlenka gangar.

Labyrinten i historia[endre | endre wikiteksten]

Det eldste kjende dømet på ei labyrintutforming er små og enkle steinar med nedsenka mønster (helleristing) som er meir enn 3 000 år gamle. Desse spiral-labyrintane er funne frå Syria i aust til Irland i vest.

Plinius den eldre nemner fire oldtidslabyrintar: Den kretiske labyrinten, den egyptiske labyrinten, labyrinten frå Lemnos og den italienske labyrinten.

Ordet «labyrint» har opphav i det før-greske pelasgiske språket. Det blei teke opp i klassisk gresk, og er tilsynelatande nærskyldt med labrys, eit ord for den arkaiske «dobbeltøksa», og -inthos i tydinga 'stad' (som i Korint). Det komplekse palasset i KnossosKreta var forbunde med ein danseplass, slik ein har attgjevingar av på freskomåleri, og blei vist fram til vitjande. Det var ei Frue som hadde forsete over labyrinten. Ei tavle med Linear B-skrift som er funne ved Knossos, har oppteikningar som fortel om ei gåve «til alle honning-gudar; til herskarinna av labyrint-honninga». At den kretiske labyrinten hadde vore ein danseplass, laga for Ariadne heller enn for Minos, blir nemnd av Homer i Iliaden.

Labyrintar synest å ha fascinert menneska i fortida. I gresk mytologi er soga om Thesevs og Minotauros den best kjende forteljinga som handlar om ein labyrint.

Den egyptiske labyrinten var eigentleg ikkje ein labyrint, men eit tempel reist i tilknyting til farao Amenemhet III sin pyramide ved Hawara.[2] Sidan romartida blei denne labyrinten brukt som steinbrot, og difor er det ikkje noko att av han. Det er likevel kjend at han bestod av ei overveldande mengd små heilagdommar og gardsplassar i eit arrangement som Strabo skildrar som «eit palass samansett av like mange mindre palass som det eingong fanst provinsar». Herodot talte tolv gardsplassar, og nemnar krypter vigde til den heilage krokodillen Sobek, som òg Plinius den eldre omtaler. Herodot skriv: «Også pyramidane er overveldande konstruksjonar, kvar av dei jamgode med mange av dei mest ambisiøse byggverka i Hellas; men labyrinten overgår dei. Han har tolv overbygde gardsrom – seks på rad mot nord, seks mot sør.» Vidare: «Innvendig er bygningen på to etasjar og inneheld tre tusen rom, der halvparten er under jorda, og den andre halvparten like over.» Dei egyptiske vaktene nekta han tilgjenge til dei underjordiske kammera, fordi desse inneheldt gravene til kongane som bygde labyrinten og gravene til dei heilage krokodillene. Men dei øvre romma fekk han sjå, «og det er vanskeleg å tru at dei er framstilt av menneske; dei forundrande og intrikate passasjane frå rom til rom og frå gardsrom til gardsrom var eit endelaust mirakel for meg.» Veggene var av stein og dekte av innrissa figurar, og kvart gardsrom var av kvit marmor og omgjeve av ein kolonnade.[3] Den egyptiske labyrinten blei samanlikna med Minos sin labyrint i Knossos, og tiltrekte seg vitjande langvegesfrå i antikken.[4]

Trojaborger eller «jomfrudans» er nemningar for labyrintliknande steinsettingar frå førhistorisk tid som arkeologar har funne i Norden. Dei enkelte steinradene er lagt i spiral eller i eit system som kjem frå frå ein vanlegvis krossforma grunnplan. Eit døme ligg rett nord for VisbyGotland i Sverige. Ein annan labyrint ligg ved Grebbestad i Bohuslän.[5]

Desse er mytiske, og ein går ut frå at dei må ha vore tillagt ei kraftig magisk tyding. Ein har òg funne helleristingar med komplekse labyrintmønster. Fram til mellomalderen blei det laga rundt 500 labyrintar i Norden, men tilsvarande former har ein òg funne elles i verda.

Romerske labyrintar frå mellomalderen minnar om ei trojaborg, men gangane er skorne over slik at ein kan venda fleire gonger.

Fleire kyrkjer hadde labyrintar på golv eller veggar. Ein kunne gå eller krypa på ein labyrint på bakken for å nå midten av han, som blei kalla «Jerusalem» eller «paradis». Å nå midten av labyrinten kunne liknast med å dra på valfart. Det blei til dømes laga labyrintar på golvet i domkyrkjene i Reims og Amiens, og i forgarden til domkyrkja S. Martino i Lucca. I Noreg er det kjend ein labyrint frå veggen til Seljord kyrkje.[1]

Hagelabyrintar av grusvegar skilde av buskhekkar var populære dekorasjonar i slottsparkar og på større gods på 1700- og 1800-talet. Desse fungerte både som underhaldning og som utsmykking. Ofte var dei opparbeidde i vene mønster som ein kunne sjå frå ein høgtliggande stad som ein balkong eller vindauge.

Moderne labyrintar[endre | endre wikiteksten]

I seinare år har det vore ei aukande interesse for labyrintar som symbol, også innanfor arkitekturen, som i Willen Park i Milton Keynes, Grace-katedralen i San Francisco, Tapton Park i Chesterfield og Labyrinthe de Harbor 16 i Montréal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «labyrint» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «Egyptian kings - Amenemhet, Amenemhat, Khendjer.», www.nemo.nu, henta 13. februar 2020 
  3. http://www.touregypt.net/featurestories/amenemhet3.htm
  4. Mark Lehner: The complete pyramids (s. 183), Thames and Hudson, Oslo 1997, ISBN 978-0-500-28547-3
  5. http://www.gjallarhorn.info/fornminner/?p=284[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]