Trevor Jones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trevor Jones
TrevorJones.jpg
Fødd23. mars 1949
FødestadCape Town
OpphavSør-Afrika
Instrumentsynthesizer
Verka somkomponist, filmmusikkomponist

Trevor Alfred Charles Jones (fødd 23. mars 1949) er ein sørafrikansk filmmusikkomponist.

Jones er fødd i Cape Town og hadde bestemt seg for å bli filmmusikkomponist allereie som femåring. I 1967 studerte han ved Royal Academy of Music i London med stipend, og etter det jobba han med radio- og fjernsynsmusikk for BBC i fem år. I 1974 starta han som student ved University of York der han tok ein mastergrad i film og mediamusikk. Etter det studerte han tre år til ved National Music and Television School.

I 1980 kom han i kontakt med filmskaparen John Boorman, og fekk skrive noko av filmmusikken til filmen Excalibur. Etter dette arbeidde Jones seg oppover, og har no komponert musikk til over 80 ulike prosjekt.

Filmmusikk av Trevor Jones (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]