Cape Town

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den sentrale delen av Cape Town sett frå Table Mountain.
Cape Town og Table Mountain - Landsat-bilete[1]

Cape Town (Kaapstadafrikaans, eKapa eller SaseKapaxhosa, også kjend som Kappstaden på norsk) er med sine rundt tre millionar innbyggjarar den nest mest folkerike byen i Sør-Afrika. Byen er sete for den sørafrikanske nasjonalforsamlinga (Den sørafrikanske regjeringa held til i Pretoria) og hovudstaden i provinsen Western Cape. Cape Town er mellom anna kjend for den 1000 meter høge karakteristiske fjellformasjonen Table Mountain og fangeøya Robben Island der store delar av leiinga i frigjeringsrørsla ANC sat fengsla under apartheid.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Waterfront hamn. Ei av dei fire hamnene i Cape Town.

Det nederlandske austindiske kompaniet skipa byen nær Kapp det gode håp i 1652 som ein stad for forsyningar til dei nederlandske koloniane i Asia. Dei opphavlege bebuarane i området, khoisanfolk, av nederlendarane omtala som hottentottar, blei i løpet av få år underlagt den nederlandske kolonimakta. Det nederlandske ostindiske kompaniet innførde også slavar frå Asia (særleg Indonesia) og andre delar av Afrika). Slavane smelta etter kvart saman med den opphavlege folkesetnaden og delar av dei nederlandske kolonistane til ei ny underklasse i det nederlandske kolonisamfunnet, dei såkalla «farga» (Coloureds) som enno er den dominerande folkegruppa i Cape Town.

Cape Town og resten av Kappkolonien blei annektert av britane i 1805. I 1833 blei alle slavane i byen frigjevne.

I 1910 blei byen legislativ hovudstad i den nydanna sørafrikanske unionen. Nasjonalistpartiets siger i dei «kvite» sørafrikanske vala i 1948, og innføringa av apartheid førte med seg at bybiletet i Cape Town blei søkt forma etter raseskilje. Tusenar av farga og svarte (hovudsakleg xhosa) blei flytta ut av dei sentrale byområda til såkalla townships i utkantane av byen. Trass opphevinga av raseskiljelovane gjer denne delinga av byen seg til ein stor grad også gjeldande i dag.

Aukande innvandring, særleg av xhosaar frå provinsen Eastern Cape, har i dei siste åra auka folketalet kraftig og endra den etniske samansetjinga av byen. I dag har 41 % av folkesetnaden afrikaans, 29 % xhosa og 28 % engelsk som morsmål.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Cape Town