Triboluminescens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Triobluminiscens frå L-nikotinsalikylat

Triboluminescens er ei form for luminescens. Det er ei utsending av lys som oppstår når krystall rivast i stykke ved gniding eller blir brote i stykke. Det kjem av at atoma i krystalla blir eksitert ved mekanisk påverknad. Triboluminescens er tydeleg å sjå ved kvarts og ved urannitrat, og kan sjåast når ein gnir to sukkerbitar mot kvarandre i eit mørkt rom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]