TrollSat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
TrollSat

Kart
TrollSat
72°1′0″ S 2°31′0″ E

TrollSat er ein landbasert satellittstasjon i Dronning Maud Land i Antarktis. Stasjonen har Kongsberg Satellite Services (KSAT) som eigar, og er tilknytt den norske forskingsstasjonen Troll. Stasjonen blei sett i drift 1. mars 2007[1] og blei offisielt opna 20. januar 2008.[2]

TrollSat hentar klima-, miljø- og meteorologidata frå satellittar i polarbane og vidareformidlar dei. Slike satellittar går rundt jorda 14 gongar i døgnet.

KSAT driv to polare jordstasjonar som er tilpassa satelittar i låg jordbane, der den andre er SvalSat i Longyearbyen på Svalbard.[3] Dette er dei einaste to jordstasjonane som kan kommunisera med alle banane til satellittar i låg jordbane.[4] Ved å bruka begge stasjonane kan ein lasta ned data to gonger per omflyging, tjueseks gonger per døgn, med ei forseinking på berre førti minutt.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Trollsat to Serve Antarctica». 20. april 2007. Arkivert frå originalen 29. september 2012. Henta 29. september 2012. 
  2. Molde, Eivind; Aune, Oddvin (20. januar 2008). «Stoltenberg bor i telt i Antarktis». NRK. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 29. september 2012. 
  3. «About Us». Kongsberg Satellite Services. Arkivert frå originalen 11. februar 2012. Henta 11. april 2012. 
  4. Grønli, Kristin Straumsheim (13. desember 2006). «Øyet i himmelen laster ned på Svalbard». Forskning.no (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 3. desember 2011. Henta 14. mars 2012. 
  5. «Troll Satellite Station (TrollSat) – Antarctica». Kongsberg Satellite Services. Arkivert frå originalen 7. juli 2010. Henta 4. oktober 2010.