Trollvasstinden i Måndalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Trollvasstinden i Måndalen ligg mellom Måndalen i Rauma kommune i nordaust og Fjord kommune i sørvest. Det 1422 meter høge fjellet er bratt eller kvasst til alle kantar. Å nå toppen krev litt utsett klyving, men sikring er ikkje påkravd. Trollvasstinden ligg i nordenden av ein fjellrygg mellom to dalar. Denne fjellryggen dannar ein like høg topp (1422 moh.) lengre sør. Denne er lett å nå sørfrå.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.