Måndalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Måndalen er ei bygd i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Bygda har om lag 900 innbyggjarar og er sentret på sørsida av Romsdalsfjorden i kommunen. Bygda omfattar Voll, Samset, Bruaset, Skare, Venås, Bø, Moen, Roknem, Skeie, Sæbø, Oterholm, Søvika og Hovde. Sentrum i bygda ligg på Voll.

Elva Måna renn gjennom bygda og ut i Vollabukta ved Måna camping. Den viktigaste sideelva er Vemora. Det går laks både i Måna og til tider i nedste del av Vemora.

Nede ved fjorden ligg Voll kyrkje, ei trekyrkje frå 1896.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til tradisjonelt jordbruk har bygda lang tradisjon med konfeksjons- og trevareindustri. Mest kjent er Wenaas og Måndalen trevare. Bygda har fleire bygg- og anleggsfirma, i tillegg til transportfirma. Investeringsselskapet Wenaas-gruppen har sitt hovudkontor på Voll. Det er eit av Noregs største innanfor hotelleigedom. Tidlegare hadde bygda ein sportsfiskereidskapsindustri. Dei mest kjente produkta var Møre-Silda, Søvik-svivel og Oterlinen Record.

Måndalen har eigen brannstasjon[1] underlagt Rauma Brannvesen.[2][3]

Tørla vassverk er det lokale vassverket. Drikkevatnet kjem frå Svartevatnet og inntaket er i elva Tørla. Det blir distribuert i nesten heile bygda inklusive Hovde og Søvika.

Bygda har Måndalen skule[4] med trinna 1 - 10 og barnehage, Voll omsorgssenter med 22 plassar[5], eit bakeri og ein frisørsalong, daglegvarebutikk med post, småbåthamn, kai med stupetårn, kafe, campingplass, badeplass og bensinstasjon.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Måndalen idrettslag har ei aktiv fotballgruppe. Laget spelte i 3. divisjon i sesongane 2007-2009. Laget bygde i 2009 Måndalshallen som er ein idrettshall med kunstgras. I 2011 vart idrettsbanen oppgradert med fast dekke. Banen har 8 løpebanar og kan arrangere nasjonale friidrettsstemne.

For den som er tur/fjell-interesserte, sel turgruppa i Måndalen idrettslag turorienteringskart på den lokale butikken (mai-oktober). Den viser kartreferansar til aktuelle fjellvatn, fjelltoppar og setrer. Stigar er merkte på kartet.

Forsamlingslokale[endre | endre wikiteksten]

  • Måndalen ungdomshus - Råkjè
  • Måndalen bedehus
  • Idrettshuset (tidlegare Go`bit`n kafe)

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ved røystingane i 1905 stemte alle for oppløysing av unionen med Sverige og 171 for at prins Carl skulle bli Noregs konge og 60 imot.[6]

Kjente måndalingar[endre | endre wikiteksten]

Bygda har fostra nasjonalt kjente personar:

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.brannstasjoner.com/gallery_310.html Måndalen brannstasjon
  2. https://www.rauma.kommune.no/artikkel.aspx?MId1=484&AId=66 Rauma kommune
  3. http://www.risen.no/index.php?option=com_content&view=article&id=21&Itemid=28 Rauma brannvesen
  4. http://rauma.pedit.no/web/PageND.aspx?id=133634 Måndalen barne- og ungdomsskule
  5. Nettstaden til Rauma kommune
  6. http://www.ikamr.no/1905/eid/eid.html

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]