Trompetane til Tutankhamon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Trompetane til Tutankhamon er to trompetar som den engelske arkeologen Howard Carter fann då han i 1922 opna gravkammret til Tutankhamon i Egypt.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ein trur at dei har vore nytta i militær samanheng, rundt midten av 1300-talet fvt. Den eine er oppbevart i Det egyptiske museumet i Kairo. Trumpeten, som er laga av sølv, er 58 cm lang og diameteren på munningen er på 8.8 cm [1]. Instrumentet er dekorert med band av tynt gull og munnstykket er laga av gull [1].

Opptak[endre | endre wikiteksten]

I 1933 gjorde BBC eit stutt opptak av trompeten. Ein kan lytta til dette opptaket på nettstaden World Book: [2], eller ved å lasta ned eit program frå [1].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 The Trumpet of Tutankhamun, Centre for Computer-aided Egyptological Research.
  2. Notes played on Tutankhamun's trumpet, World Book. (31/10-2009)