Trompetkonsert av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Trompetkonsert, K. 47c er ein solokonsert for trompet av Wolfgang Amadeus Mozart som visstnok no er tapt. Det er den einaste solokonserten Mozart skreiv for messingblåseinstrument utanom dei fire hornkonsertane hans.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det einaste beviset for at konserten eksisterte er eit brev skriven den 12. november 1768 av far til Mozart, Leopold, i Wien til Lorenz Hagenauer i Salzburg, heimstaden til Mozart.[1]

Om konserten faktisk vart skriven finst det ikkje kjende kopiar av verket i dag. Manuskripta ein har frå kyrkja Marie Geburt, der verket skal ha vorte framført, syner ingen spor av verket.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Karl Pfannhauser, “Zu Mozarts Kirchenwerken von 1768.” Mozart-Jahrbuch 1954. 150-68.
  2. David Black, "Mozart and Musical Discipline at the Waisenhaus." Mozart-Jahrbuch 2006. 17-33.