Wolfgang Amadeus Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wolfgang Amadeus Mozart

Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791). Portrett måla av Johann Georg Edlinger, truleg i München kring 1790. Dette biletet er rekna som eit av dei mest realistiske portretta av Mozart.
Fødd27. januar 1756
FødestadSalzburg
Død5. desember 1791 (35 år)
DødsstadWien, Rauhensteingasse
FødenamnJohannes Chrysostomus Wolfgangus Theophilus Mozart
OpphavSalzburg erkebispedømme
Aktiv1761–1791
SjangerKlassisismen, Sardana
Instrumentorgel, klavikord, cembalo, hammerklaver, fiolin, bratsj, piano, pipeorgel
Verka somkomponist, musikkpedagog, pianist, musikar, organist, fiolinist
MorAnna Maria Mozart
FarLeopold Mozart
Gift medConstanze Mozart
BornKarl Mozart, Franz Xaver Wolfgang Mozart
PrisarDen gylne spores orden

Wolfgang Amadeus Mozart (27. januar 17565. desember 1791) var ein austerriksk musikar og komponist. Mozart er kjend som vedunderbarn og komponist av mange ulike musikkstykke innan klassisistisk stil. Han skreiv nokre av høgdepunkta innan opera, symfoniar, instrumentkonsertar og kor-, piano- og kammermusikk.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Barndom[endre | endre wikiteksten]

Mozart som seksåring i klede han var blitt gjeven ved hoffet i Wien.

Mozart var fødd i Salzburg, i det sjølvstendige erkebiskopdømet Salzburg, og blei døypt Johannes Chrysostomus Wolfgangus Teophilus (Gottlieb) Mozart dagen etter at han blei fødd. Foreldra var Anna Maria Pertl Mozart og Leopold Mozart, ein leiande europeisk musikkpedagog. Han tok til å undervisa sonen i klaver- og seinare fiolinspel frå han viste musikalsk talent som treåring.

Både Mozart og den eldre systera Maria Anna blei dyktige musikarar, og reiste på konsertturnéar til fleire av hoffa i Europa. Gjennom dette blei Mozart kjend med stordommar som Johann Christian Bach, som skulle bli ein viktig påverknad. Familien blei òg utsett for fleire epidemiar som herja Europa på denne tida, og mora døydde av feber i Paris i 1778.

Den unge Wolfgang Amadeus var ein uvanleg dyktig musikar. Allereie som sjuåring kunne han spela kva stykke som helst frå bladet, transponera utan vidare, improvisera ariar over ei gjeven basstemme og komponera på staden. Forteljinga om korleis Mozart skreiv ned det hemmelege, nistemmige stykket Miserere av Gregorio Allegri er blitt noko nær ei legende som skildrar kor gåverik han var. Dette stykket var berre tillate å framføra i det sixtinske kapellet, og dei hemmelege notane fanst berre der. Den trettenårige Mozart skreiv ned notane etter å ha høyrd det framført éin gong, og kom tilbake neste dag for å retta nokre småfeil.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Statue av Mozart i Burggarten i Wien.

Allereie i tenåra var Mozart i ulike periodar tilsett ved hoffkapellet i Salzburg, som konsertmeister hos prins-erkebiskopen av Salzburg. Han heldt stillinga si der fram til 1781(25 år gammal), då han i lengre tid hadde oppfatta ho som trong og lite gjevande. Etter brotet med arbeidsgjevaren i Salzburg, bestemde han seg for å flytta til Wien for å prøva seg som frilansmusikar og fri kunstnar, noko som for så vidt var eit spenstig val på den tida. Han blei til å byrja med ein populær komponist blant adelen i Wien, og spelte ofte piano sjølv på pianokonsertane han skreiv for å marknadsføre seg for wienerpublikummet. Trass i forholdsvis god tilgang på arbeidsoppdrag og elevar, hadde Mozart stadig økonomiske problem, både fordi han ikkje alltid fekk betalt for arbeidet sitt og fordi han ofte sløste vekk dei pengane han hadde. Sjukdommar og depresjonar gjorde òg livet vanskeleg for komponisten.

I 1782 gifta han seg med Constanze Weber, eit søskenbarn av komponisten Carl Maria von Weber. Dei fekk seks ungar, men berre to av dei voks opp. På denne tida blei han òg ven med Joseph Haydn og blei vald inn i same frimurarlosjee som han. Religiøs symbolikk og samfunnskritikk med opphav her kan finnast igjen i operaene Tryllefløyta og Figaros bryllaup.

Etter å ha gjort stor suksess med operaen Figaros bryllaup i Praha, blei Mozart tilboden stillinga som keisarleg kammerkomponist då han kom tilbake til Wien i 1787. Tre år seinare blei han kapellmeister ved Stefansdomen i Wien. I dei seinare åra sine sleit han meir med å få wienerpublikummet til å lika musikken sin. Musikken han skreiv vart meir og meir oppfatta som "musikk for musikkjennarar" og for komplisert for målgruppa. I 1791 komponerte han Tryllefløyta, endå eit verk han gjorde større suksess med i Praha enn i Wien. Då han skreiv denne operaen, hadde han berre to månader igjen å leva. Mozart døydde såvidt 36 år gammal, av ein ukjend sjukdom, medan han arbeidde på det siste, ufullenda verket sitt, Requiem. Dette var eit bestillingsverk frå ein anonym person, men Mozart skal likevel ha følt at han skreiv Requiem som ei dødsmesse til seg sjølv.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Mozart er ein sentral representant for klassisismen innan musikken, saman med komponistar som Haydn og Beethoven. Ein finn alle dei viktige elementa i stilen igjen i musikken hans: Balanse, klarleik og ukompliserte harmoniar. Utviklinga hans liknar utviklinga til musikkstilen, frå eit enkelt tonespråk brukt av mellom anna Sammartini og Stamitz, til ein mogen stil der kontrapunktteknikkar frå barokken var fletta inn.

Frå han var liten hadde Mozart talent for å etterlikna musikken han høyrde, og dei mange turnéreisene hans gjorde at han fekk høyra mange ulike stilar som han samla i eit særeige komposisjonsspråk. Som barn i London møtte han Johann Sebastian Bach og hans musikk, i Paris, Wien og Mannheim møtte han musikarar og komponistar derfrå. Påverknaden frå italienske ouverturer og humoristisk opera buffa er tydelege i musikken hans.

Mozart komponerte innan nær alle dei store sjangrane, som symfoniar, opera, kammermusikk og soloinstrumentkonsertar, der han særleg utvikla pianokonsertar og gjorde dei populære blant folk. Han skreiv religiøs musikk, som messer, og lett underhaldning, som dansar og serenadar. På same måte som Franz Schubert er Mozart kjend for å ha skapt enkle melodiar som sit lett i minnet.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå musikkverk av Wolfgang Amadeus Mozart.

Den austerrikske musikkforskaren Ludwig von Köchel laga ei kronologisk-tematisk liste over alle verka til Mozart som var kjende. Det er gjort endringar seinare, men komposisjonane 1-626 blir som regel gjevne med K- eller Köchel-nummer.

Solo- og kammermusikk[endre | endre wikiteksten]

Orkestermusikk[endre | endre wikiteksten]

Symfoniar[endre | endre wikiteksten]
Solokonsertar[endre | endre wikiteksten]

Vokalmusikk[endre | endre wikiteksten]

Operaer[endre | endre wikiteksten]
Messer[endre | endre wikiteksten]
  • Exsultate, jubilate, K. 165
  • Krönungsmesse i C-dur, K. 317
  • «Groß» messe i c-moll, K. 427
  • Ave verum corpus, K. 618
  • Requiem i d-moll, K. 626

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Wolfgang Amadeus Mozart
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Wolfgang Amadeus Mozart
Commons har multimedium som gjeld: Wolfgang Amadeus Mozart