Trond Botnen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trond Botnen
Fødd 30. november 1937
Porsgrunn
Død

21. januar 2019

Yrke kunstmålar, bilethoggar, lyrikar

Trond Botnen (fødd 30. november 1937) er ein norsk grafikar, målar og bilethoggar frå Porsgrunn. Han er utdanna ved Kunsthaandværkskolen i København og ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole. Arbeida hans er innkjøpte blant anna av Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet og Museet for Samtidskunst. Botnen har ei rekkje ustillingar bak seg og i tillegg til separatutstillingar har han deltatt på Statens Haustutstilling heile ti gonger.

I løpet av dei femti åra han har verka som kunstnar har Botnen skifta kunstnarisk stil fleire gonger. Dei seinare måleria hans er abstrakte komposisjonar der han legg lag på lag av akrylmåling. Inspirert av Gustav Klimt påfører han måleria transparente, nesten usynlege lag med gull, sølv eller bronse.

Han har også gitt ut to diktsamlingar.

Trond Botnen er busett i Drøbak.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Nattordbok – diktsamling (1970)
  • Gruver Toms hytte – diktsamling (1971)

Plater[endre | endre wikiteksten]

Multimal, der han les dikt saman med blant anna Bjørnar Andresen, Svein Finnerud Trio og Carl Magnus Neumann. (Polydor 2920102) (1971)

Lenkjer til andre sider[endre | endre wikiteksten]