Tronfylgjelova under Magnus Erlingsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tronfylgjelova under Magnus Erlingsson av 1163 eller 1164 er den fyrste skrivne tronfylgjelova i Noreg. Neste lov om tronfylgje var Tronfylgjelova av 1260.

Lova innførde prisippet om einekongedøme. Eldste ektefødde son av den tidlegare kongen skulle ha fyrsterett til å verta ny konge. I borgarkrigstida mellom om lag 1130 og 1240 var det trass i dette ofte slik at fleire hevda at dei var konge. Mange av desse kom ikkje lenger enn til å vera tronkrevjarar, men vert nokre stader omtala som «konge».

I samråd med kyrkjelege leiarar vart det sett opp krav som den nye kongen skulle stetta. Ein gjekk frå samkongedøme og hylling på lokale ting til einekongedøme og riksval.

Magnus V Erlingsson var den fyrste norske kongen som vart krona. Meininga var at tronfylgja skulle reknast i frå han.

Tronfylgjelova[endre | endre wikiteksten]

Her er dei nymæle som vart vedteke med tilråding frå Magnus konge, Øystein erkebiskop (Eystein Erlendson) og Erling jarl og alle dei visaste menn i Noreg.

1. Det er no dinest at den skal vera konge i Noreg som er ektefødd son av Noregs konge, dersom ikkje vondskap eller vetløysa tek makta frå han.

2. Men om slikt hindrar den eldste i å ta riket, då skal den samfedre bror hans vera konge som erkebiskopen og lydbiskopane synest er best skikka, saman med dei tolv visaste menn frå kvart bispedøme som dei nemner med seg.

3. Desse ulærde menn skal gå til denne avgjerda med svoren eid på at den skal dei ta til konge som dei for Gud synest er best skikka. Og for denne eiden skal biskopane svara for Gud, endå dei ikkje sver, likeså vel som hine ulærde som sver, at dei skal granska kva som er sant i denne saka, slik som Gud gjev dei syn til rettast å sjå.

4. Men om Noregs konge ingen ektefødd son har etter seg, då skal den vera konge som er nest i arv, etter avgjerd frå dei som er oppnemnde til det, om han er skikka.

5. Men synest han ikkje å vera skikka, då skal den vera konge som dei oppnemnde synest høver best til å verja både Guds rettar og landsens lov.

6. Blir dei då ikkje samde, då skal dei vinna saka som til saman er flest, og som erkebiskopen og dei andre biskopane følgjer, og sannar det med sin eid.

7. Når kongen fell frå, då skal alle biskopane og abbedane og hirdstyresmennene med heile hirda sjølvbedne søkja nord til den heilage kong Olav til samråd med erkebiskopen. Kvar biskop skal nemna med seg 12 av dei visaste menn, og dei skal alle vera på ferda innan ein månad etter at det er spurt at kongen er fallen frå.

8. Der skal ofrast krona etter den kongen som då er fallen frå, for sjela hans, og den skal æveleg hengja der, Gud og den heilage kong Olav til ære, slik det vart lova av kong Magnus, den fyrste kronte kongen i Noreg.

9. Men om nokon let seg ta til konge på anna vis, då har han, og kvar den som følgjer han i det, forbrote gods og fred, og dei skal vera i Gudsbann og alle heilage menns, i pavens og erkebiskopens og alle lydbiskopars bann.

10. Om dei menn som biskopen nemner med seg, forsømer denne ferda, då er dei i kyrkjebann og skal bøta 40 mark til kongen og kan ikkje leggjast i vigd jord om dei let livet i den tida.

11. Denne ferda skal kvar fara på eigen kostnad, men kongen skal bera kostnaden for alle dei som ikkje før hadde kongsgods.

12. Men om erkebiskopen ikkje er i landet eller er fallen frå, då skal alle menn koma dit til slike samrådingar som no er sagt.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Helle, Knut: Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150-1319, Bergen 1972.
  • Helle, Knut: Norge blir en stat : 1130-1319 , Bergen 1974.
  • Opheim, Bente: Med stønad frå frendar og vener : slektskap og venskap som partidannande faktorar i den norske innbyrdesstriden 1130-1208 Hovudoppgåve i historie - Universitetet i Bergen 1996. Nettversjon