Borgarkrigstida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Borgarkrigstida

Birkebeinane fraktar den vesle kongsarvingen Håkon Håkonsson i tryggleik for fienden baglarane.

Knud Bergslien har måla denne kjende soga frå borgarkrigstida.

Dato 1130–1240
Stad Noreg
Krigsårsak Omstridd
Resultat Siger til Birkebeinane og kong Håkon Håkonsson i den siste fasen
Partar
Birkebeinane Baglarane Ribbungane
Kommandantar
Øystein Møyla

Sverre Sigurdsson
Inge Bårdsson
Håkon Håkonsson

Eirik Ivarsson

Nikolas Arnesson
Erling Steinvegg
Filippus Simonsson

Sigurd Ribbung

Gudolf Blakstad


Borgarkrigstida eller innbyrdeskrigane er nemningar på kampar om makta i Noreg mellom 1130 og 1240.

Borgarkrigstida kan delast inn i tre fasar:

  1. Sporadiske stridar mellom nær skylde kongsemne, frå 1130 til om lag 1160.
  2. Omfattande kampar mellom ulike kongsemne, om lag 1160 til 1184.
  3. Birkebeinane nedkjempa opposisjonen frå kyrkja og ulike opprørsflokkar, 1184—1240.

Byrjinga på borgarkrigstida går attende til då Sigurd Jorsalfare døydde i 1130. Makta vart delt mellom tre søner som heldt kvar si hird. Etter lova kunne alle ekte og uekte etterkommarar at kongen bli konge, og nye kongsemne hevda å vera kongssøner, og gjorde krav på kongsnamn. Etter kvart utvikla stridane seg til open strid mellom ulike flokka mellom anna lendmannspartiet, birkebeinane og baglarane. Kong Sverre utrudde dei fleste av lendmennene og konsoliderte makta si, men møtte ny motstand frå kyrkja og erkebiskopen i Nidaros, Øystein Erlendsson. Son til Sverre, Håkon Sverresson, inngjekk forlik med kyrkja, men døydde etter kort tid. Håkon Håkonsson vart vald til konge i 1217 mot kandidatuet til Skule Bårdsson. I 1237 fekk Skule tittelen hertug, men det var ikkje nok til å stagga ambisjonane hans, og i 1239 fekk han gitt seg sjølv kongsnamn på Øyratinget. Skule vart etter kvart drepen av kong Håkon sine menn. Borgarkrigane i Noreg tok så slutt.

Norske kongar og tronkrevjarar i borgarkrigstida[endre | endre wikiteksten]

I lista er tronkrevjarane markert med eit ekstra innrykk. Desse vert vanlegvis ikkje rekna med i den norske kongerekkja.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Borgarkrigstida