Religionsfridom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Trusfridom)

Religionsfridom eller trusfridom er eit vern i form av lovverk og sedvane for at einskilde menneske og grupper skal kunna tru det dei vil og tilbe kven eller kva dei vil, eller lata vere å vedkjenne seg noka tru. Dette vert sett på som ein grunnleggjande menneskerett, og er mellom anna ein del av menneskerettsfråsegna til SN. Religionsfridom vart ein av dei fyrste menneskerettane som vart anerkjent i Europa, men det er fyrst moderne statar etter den franske revolusjonen som har sikra full religionsfridom.

Menneskerettsfråsegna til SN frå 10. desember 1948 definerer religionsfridom slik: Kvar ein har rett til tanke-, samvits- og religionsfridom. Denne retten omfattar fridom til å skifta religion eller tru, og fridom til anten åleine eller saman med andre, offentleg eller privat, å gje uttrykk for religionen eller trua si gjennom undervisning, utøving, tilbeding og rituale.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

§ 2 i den norske grunnlova, som fastset den evangelisk-lutherske religion som statens offentlege religion, vart opphavleg vedteke med fylgjande tillegg: «Alle christelige Religions-Secter tilstedes fri Religionsøvelse», men dette kom ikkje med i den endelege teksten. I samband med 150-årsjubileet for Grunnlova i 1964 fekk § 2 eit nytt fyrste ledd med dette innhaldet: «Alle Indvaanere af Riget have fri Religionsøvelse.» Prinsippet var allereie tidlegare gjennomført i den vanlege lovgjevinga (lov av 13. juni 1969 om trudomssamfunn og ymist anna, kap. 1).

Opphavleg hadde den norske grunnlova særskilte forbod rettet mot jødar, jesuittar og munkeordenar. Forbodet mot jødar i riket vart oppheva i 1851, forbodet mot munkeordenar i 1897, og i 1956 forsvann endeleg vedtaket om at jesuittar «ikke må tåles». Den sistnemnte grunnlovsendringa kom i samband med at Noreg slutta seg til den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Religionsfridom er gjeve strafferettsleg vern i straffelova av 1902, som set straff for den som i ord eller handling offentleg forhånar eller på ein krenkjande eller sårande måte syner ringeakt for ei truvedkjenning dersom utøvinga av henne er tillate her i riket, eller gudsdyrkinga eller truslærdommane til eit lovleg religionssamfunn (omsett til nynorsk frå § 142). § 135 a vernar mot diskriminerande offentleg omtale på grunn av truvedkjenning eller rase.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]