Jesuittordenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emblem for Jesuittordenen, katolsk orden grunnlagt i 1534 av Ignatius av Loyola og stadfestet av paven i 1540. De greske bokstavene IHS står for Jesus, eller kan fortolkes som forkortelse for «Jesus, menneskenes frelser» på latin

Jesuittordenen (latin Societas Jesu (S.J.), 'Jesu selskap') er ein katolsk orden grunnlagd i 1534. Ordenen har som målsetnad å spreia trua og verka for rettferd. Ordenen har ikkje faste kloster og munkane i han er ikkje stadbunden, men munkar som er på same stad skal bu saman. Ordenen er direkte underordna paven og er dermed teoretisk fri for ordrar frå lokale biskopar.

Ignatius av Loyola (1491–1556), adelsmann, soldat og grunnleggjar av jesuittordenen.

Jesuittane spelte ei viktig rolle under motreformasjonen og i den katolske heidningemisjonen. Ei tid var ordenen ein av dei mektigaste organisasjonane i den katolske kyrkja. Den misjonariske, tidvis elitistiske og offensive stilen til ordenen har gjennom tidene ført til kraftige motreaksjonar og kritikk. Paven forbaud ordenen frå 1773 til 1814, og adgang til Noreg for jesuittar var forbode gjennom grunnloven frå 1814 til 1956. Den første jesuitten som blei vald til pave var pave Frans i 2013.

Kyrkja Il Gesù i Roma er morkyrkja til jesuittordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]