Tsjeko

Koordinatar: 60°57′50″N 101°51′36″E / 60.964°N 101.86°E / 60.964; 101.86
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjeko
innsjø
Land  Russland
Koordinatar 60°57′50″N 101°51′36″E / 60.964°N 101.86°E / 60.964; 101.86
Kart
Tsjeko
60°57′50″N 101°51′37″E / 60.963888888889°N 101.86027777778°E / 60.963888888889; 101.86027777778

Tsjeko er ein liten innsjø i Sibir, nær elva Podkamennaja Tunguska. Han er 708 meter lang, 364 meter brei og om lag 50 meter djup.

Forskarar har spekulert i om Tsjeko vart danna under Tunguskahendinga, ein eksplosjon 30. juni 1908 som øydela meir enn 2 000 km² sibirsk taiga.[1] Ei undersøking i 1961 viste at innsjøen var minst 5000 år gammal, basert på metertjukke avleiringar på botn av innsjøen,[2], men nyare forsking har tyda på at berre ein meter med sediment på botn av ein innsjø med «normal innsjøsedimentering» indikerer ein mykje yngre innsjø på om lag 100 år.[3] Lodding av innsjøbotn har støtta denne hyoptesen og viste ei konisk form på innsjøbotn, som ein ofte ser for nedslagskrater. Innsjøen strekker seg òg mot episenteret av Tunguskaeksplosjonen, om lag 7 km lenger borte.[4] Magnetiske målingar indikerer òg ein mogeleg meterstor steinblokk på botn av det djupaste punktet i innsjøen, som kan vere ein bit av kollisjonslekamen.[4] Forskarar ved Universitetet i Bologna skal utforske lekamen, 10 meter under innsjøbotn, i 2009.[5]

Gareth Collins og Phil Bland frå Imperial College i London viser derimot til at fleire av trea rundt innsjøen er eldre enn 100 år og tyder på at innsjøen derfor ikkje kan ha vorte danna av eit nedslag i 1908.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. L. Gasperini; et al. (2001). «Geophysical/sedimentological study of a lake close to the epicenter of the great 1908 Siberian (Tunguska) Explosion» (PDF). NGF Abstracts and Proceedings (1): 29–30. Henta 16. august 2008. 
  2. K.P. Florenskij (1963). «Preliminary results from the 1961 combined Tunguska meteorite expedition». Meteoritica 23: 3–29. Henta 16. august 2008. 
  3. L. Gasperini; et al. (april 2008). «Reply - Lake Cheko and the Tunguska Event: impact or non-impact?». Terra Nova 20 (2): 169–172. doi:10.1111/j.1365-3121.2008.00792.x. Henta 16. august 2008. 
  4. 4,0 4,1 L. Gasperini et. al. (juni 2008). «The Tunguska Mystery». Scientific American: 80–86. Henta 16. august 2008. 
  5. 5,0 5,1 Paul Rincon. «Fire in the sky: Tunguska at 100». BBC News. Henta 16. august 2008.