Hopp til innhald

Tsjita

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjita
Чита
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Zabajkalskij kraj
Høgd 650 m
Areal 534 km²
Folketal 333 159 (2024)
Grunnlagd 1653
   Bystatus 1851
Postnummer 672000–672051
Retningsnummer (+7) 3022
Kart
Tsjita
52°02′00″N 113°30′03″E / 52.033409°N 113.500893°E / 52.033409; 113.500893
Wikimedia Commons: Chita, Zabaykalsky Krai

Tsjita (russisk Чита) er ein by i Russland, i Sibir, og hovudstad i Zabajkalskij kraj. Han har like over 330 000 innbyggjarar. Byen ligg der elva Tsjita renn saman med elva Ingoda.

Jernbanestasjon i Tsjita i 1910.
Utsyn over byen.

Den transsibirske jernbanen går gjennom Tsjita. Byen er eit viktig industrisenter. Her finst eit universitet.

Ein landsby vart grunnlagd her i 1653. I 1706 vart det bygd ei festning her. Etter det mislykka dekabrist-opprøret i 1825 vart mange av dekabristane sende i fangenskap hit. Tsjita fekk bystatus i 1851. Etter den russiske revolusjonen var byen i hendene på kontrarevolusjonære kvitegardistar mellom 1918 og 1920. Sovjetisk kontroll vart etablert i 1920 og Tsjita vart hovudstad for den Fjernaustlege republikken fram til 1922. Frå 1937 var Tsjita senter for Tsjita oblast, frå 2008 for Zabajkalskij kraj. Frå 1930-talet til slutten av sovjet-tida var Tsjita ein lukka by for utlendingar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tsjita