Zabajkalskij kraj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zabajkalskij kraj
   
Zabajkalskij kraj sitt flagg
Zabajkalskij kraj sitt våpen
Zabajkalskij kraj sitt flagg Zabajkalskij kraj sitt våpen
Zabajkalskij kraj på kartet over Russland
Hovudstad Tsjita
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 12.

431 500 km²
0,3

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 47.

ca. 1 107 000[1] (2010)
ca. 2,57/km²

Føderalt distrikt Sibir
Økonomisk region Aust-Sibir
Regionsnummer 75
Offisielt språk Russisk
Guvernør Ravil Faritovitsj Geniatullin
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +0900

Zabajkalskij kraj, (russisk Забайкальский край) er eit territorium (kraj) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Territoriet vart danna den 1. mars 2008Tsjita oblast vart slått saman med det sjølvstyrte området Aga Burjatia. Hovudstaden er Tsjita, arealet er 431 500 km² og innbyggjartalet er 1 107 000 (2010). Namnet Zabajkalskij kan omsetjast som Bak Bajkal.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Zabajkalskij kraj ligg sør i Sibir, og grensar til Mongolia og Kina i sør. Området består hovudsakleg av mellom-høge fjell, (600-700 meter over havet), men fjellkjeda Kodar i nord når opp til 3000 meter over havet. Om lag halvparten av territoriet er skogkledd, og her er mange innsjøar. Klimaet er kontinentalt, mellomtemperaturen i januar er - 30 grader celsius, i juli + 20 grader celsius. Område i nord har permafrost. Naturressursane omfattar forekomster av gull, molybden, tinn, bly, sink og kol. Matproduksjon i området er hovudsakleg saueal. I liten skala vert det dyrka poteter, grønsaker, kveite, havre, bygg og bokkveite. Den transsibirske jernbanen går gjennom området.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Den einaste større byen er Tsjita (324 400 ibuarar).[1]

Befolkninga er hovudsakleg russarar, men her bur òg mellom anna mange burjatar, særskilt i Aga Burjatia. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første befolkninga ein kjenner i området var burjatar og mongolar. På 1200-talet vart det del av det mongolske riket. Dei første russarane som kom hit var kosakkar i 1653.Allereie i løpet av 1600-talet oppstod dei første permanente russiske støttepunkta. I 1689 vart grensa til Kina regulert ved Nertsjinsk-traktaten. Etter den russiske revolusjonen var Tsjita i hendene på kontrarevolusjonære styrkar, kvitegardistar, mellom 1918 og 1920. Frå 1920 til 1922 var Tsjita hovudstad for den sovjetisk-kontrollerte Fjernaustlege republikken, som i 1922 vart slått saman med den russiske sovjetrepublikken. Tsjita oblast vart oppretta i 1937. Det autonome distriktet Aga Burjatia var underlagt Tsjita oblast. Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart både Tsjita oblast og Aga Burjatia eigne føderasjonssubjekt i den russiske føderasjonen. Ved det siste valet til lovgjevande forsamlinga i Tsjita oblast, 17. oktober 2004, vart Sameint Russland det klart største partiet, med 35,6 % av røystene. Den 1. mars 2008 vart Tsjita oblast slått saman med Aga Burjatia, etter ei folkerøysting.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Zabajkalskij kraj