Tsjoloki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tsjoloki
elv
Bridge over Choloki Adzharia.jpg
Brua over Tsjoloki som blei øydelagd i 2004

Tsjoloki
41°54′38″ N 41°46′12″ E
Choloki river Route.svg
Wikimedia Commons: Choloki River

Tsjoloki (georgisk ჩოლოქი) er ei elv i Georgia som dannar grensa mellom den autonome provinsen Adsjaria og provinsen Guria. Eit stund på 1800-talet danna ho grensa mellom Tyrkia og Russland.

Under krimkrigen tvinga 13 000 russiske soldatar, som hovudsakleg bestod av georgiske militssoldatar under generalløyntnant prins Ivan Malkhazovitsj Andronnikov, Sinan Pasha sin tyrkiske styrke på 35 000 soldatar bort frå den venstre breidda av Tsjoloki den 4. juni 1854.

Ein anna militærepisode fann stad 16. april 1918, då den georgiske nasjonalgarden under generalløyntnant Giorgi Mazniasjvili slo tilbake den tyrkiske invasjonsstyrken.

Brua over Tsjoloki var hovudvegen mellom Adsjaria og resten av Georgia, men vart sprengd i stykke 2. mai 2004 av den avsette leiaren av sjølvstyret. Den adsjariske leiaren Aslan Abasjidze kalla sprenginga «ei preventiv handling for å unngå ein mogeleg militæraksjon frå dei sentrale georgiske styresmaktene».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]