Tsjusovaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjusovaja
elv
Bilete frå rundt 1910. Maksimovskijklippa.
Land  Russland
Nedslagsfelt 23 000 km²
Lengd 592 km
Middelvassføring 222 /s
Kjelde Det sentrale Ural
Munning Kamareservoaret
Kart
Tsjusovaja
56°09′06″N 60°20′21″E / 56.1517°N 60.3392°E / 56.1517; 60.3392
Wikimedia Commons: Chusovaya River

Tsjusovaja (russisk Чусовая) er ei elv i Perm kraj i Russland og ei av sideelvane til Kama frå venstre i nedslagsfeltet til Volga.

Elva er 592 km lang med eit nedslagsfelt på 23 000 km². Ho munnar ut i Tsjusovojbukta i Kamareservoaret. Ho frys vanlegvis til i november og er islagd til vårløysinga i april–mai. Vårflaumen varer vanlegvis til midten av juni.

Dei viktigaste sideelvane er Mezjevaja Utka, Serebrjanka, Kojva, Usva, Revda og Lysva. Ei anna interessant sideelv er Kumysj, som renn rundt 6 km under jorda. Staden der ho forsvinn heiter Nyrok (russisk нырок, som tyder 'dukk') av dei lokale innbyggjarane, medan staden der han dukker opp att heiter Bynyrok (russisk вынырок, som tyder 'kjem til overflata').[1]

Tsjusovaja er mykje nytta til vassforsyning og forsyner mellom anna Jekaterinburg. Elvehamner ved Tsjusovaja er Perm og Tsjusovoj

Tsjusovaja er kjend for dei store klippene langs elvebreidda. Nokre av klippene var farlege for båttrafikken under vårflaumen og vart kalla Bojtsy (russisk: бойцы, som tyder «krigarar»). Mange av dei største klippene langs elva har namn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar