Tskhinvali
Tskhinvali ცხინვალი Чъреба Цхинвал(и) | ||
---|---|---|
| ||
Styresmakter | ||
Land | Georgia | |
Geografi | ||
Flatevidd | 17,46 km² | |
Innbyggjarar - By (2021) - folketettleik |
32 906 445/km² | |
Koordinatar | 42°14′N 43°58′E / 42.233°N 43.967°E | |
Høgd over havet | 860 m | |
Tidssone | MSD (UTC+4) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: http://tskhinval.ru | ||
Nettstad: http://tskhinval.ru/ |
Tskhinvali (ossetisk Цхинвал; georgisk ცხინვალი) er hovudstaden i den de facto sjølvstendige republikken Sør-Ossetia, som internasjonalt vert rekna som ein del av Georgia. Ifølgje Georgia si offisielle administrative inndeling høyrer Tskhinvali til regionen Sjida Kartli. Byen ligg ved elva Store Liakhvi, om lag 100 km nordvest for den georgiske hovudstaden Tbilisi.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Området rundt byen har vore busett sidan bronsealderen.
Tskhinvali vart først nemnd i georgiske skriftlege kjelder i 1398 som ein landsby i Kartli (Sentral-Georgia), men seinare kjelder gjev den georgiske kongen Asphagur av Iberia frå 200-talet som grunnleggjaren då han bygde ei festning her. Tidleg på 1700-talet var Tskhinvali ein liten «kongeleg by» og var stort sett folkesett av munkar. Tskhinvali vart annektert av Det russiske keisardømet i lag med resten av Aust-Georgia i 1801. Byen låg langs handelsvegen frå Nord-Ossetia til Tbilisi og Gori, og byen utvikla seg gradvis til ein handslby med ei blanding av jødisk, georgisk, armensk og ossetisk folkesetnad.
Då Sovjetunionen tok over landet, etter at Georgia hadde hatt to år med sjølvstende frå 1918 til 1920, vart Tskhinvali hovudstad i den autonome oblasten Sør-Ossetia innanfor Georgisk SSR. Dermed vart byen stort sett ossetisk på grunn av kraftig urbanisering og den sovjetiske politikken med å flytte ossetiske folk frå nærliggande landsbyområde og inne i byen. Byen var i praksis eit industrisenter med sagbruk og fabrikkar. Ifølgje ei folketeljing i 1989 hadde byen 42 934, medan det i dag berre er 32 906 att (2021).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Tsotniahsvili, MM. History of Tskhinvali. Tskhinvali, 1986
- Denne artikkelen bygger på «Tskhinvali» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mai 2007.