Sør-Ossetia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sør-Ossetia i Georgia.
Ossetia05.png

Sør-Ossetia (ossetisk Хуссар Ирыстон, Khussar Iryston; georgisk სამხრეთ ოსეთი, Samkhret Oseti ; russisk Южная Осетия, Juzjnaya Osetija) var ein autonom oblast i Georgia i Sovjetunionen. I dag er større delar av området styrt av regjeringa i den de facto sjølvstendige republikken Sør-Ossetia, som ikkje er anerkjend av noko land eller internasjonale organisasjonar (SN, OSSE, EU osv.). Ein annan del av Sør-Ossetia er kontrollert av dei georgiske styresmaktene. Georgia ser ikkje på Sør-Ossetia som ein sjøvstendig instans, men i april 2007 oppretta den georgiske regjeringa ein mellombels administrativ einig[1] styrt av etniske ossetarar (tidlegare medlemmar av separatistregjeringa) som gjer at Tbilsi kan styre området via lokale leiarar og forhandle med dei ossetiske styresmaktene i eit forsøk på å løyse konflikten. [2]

Området har eit area på 3 900 km² og om lag 70 000 innbyggjarar, som er ei blanding av georgiarar og ossetarar (byane er omvesklande georgiske eller ossetiske utan klåre grenser). Den største byen, som fungerer som hovudstad i området er Tskhinvali.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sør-Ossetia ligg på sørsida av Store Kaukasus, som skil området frå det meir folkesette Nord-Ossetia i Russland, og strekkjer seg sørover til elva Kura i Georgia. Området er fjellkledd og ein større del av området ligg over 1 000 meter over havet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]