Tsuchigumo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsuchigumo

«Tsuchigumo» frå Konjaku Gazu Zoku Hyakki av Sekien Toriyama.
Tsuchigumo frå Bakemono no e-rullen, no ved Brigham Young University.

Tsuchigumo (土蜘蛛),[1] bokstaveleg omsett ‘jordedderkopp’, er ein historisk japansk nedverdigande term for opprørske lokale klanar, og dessutan namnet på ein type av edderkopp-liknande yōkai i japansk folklore.

Kjempeedderkoppen tsuchigumo opptredde fyrst som ein oni-aktig yōkai i litterære verk frå mellomalderen. Det mest representative av desse verka er Soga om Heike, (Heike Monogatari), som blei samla i fyrste halvdel av 1200-talet, der vesenet opptrer under namnet 山蜘蛛 (yamogumo fjelledderkopp). Forma til ein tsuchigumo utvikla seg til å bli meir bisarr med tida.[2] I emakimonoen Tsuchigumo Sōshi frå 1300-talet er ein tsuchigumo skildra som ein kjempe-yōkai på 60 meter, og då han blei drepen kom 1 990 hovud ut av magen hans. Minamoto no Yorimitsu og Watanabe no Tsuna, som var med på å nedkjempa tsuchigumoen i desse sogene, er japanske sogeheltar som også opptrer i soga om den mektige onien Shuten-dōji.[3] Tsuchigumoar opptrer også som yōkaiar i verka innan no-, jōruri og kabuki-tradisjonane.[4]

Tsuchigumo Sōshi, del åtte til tretten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 京極夏彦・多田克己 編著 (2008). 妖怪画本 狂歌百物語. 国書刊行会. s. 293–294頁. ISBN 978-4-3360-5055-7. 
  2. Katsuhiko Fujii. «土蜘蛛~山中の異形の妖怪も、元は善良な民だった⁉ | 歴史人» (på japansk). ABC Ark, Inc. Arkivert frå originalen 27. september 2022. Henta 12. februar 2023. 
  3. Sachie Miyamoto, Azusa Kumagai (2007). 日本の妖怪の謎と不思議. Gakken. s. 74. ISBN 978-4056047608. 
  4. «土蜘蛛» (på japansk). Kotobank. Arkivert frå originalen 12. februar 2023. Henta 12. februar 2023.