Kabuki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Ei kabukiførestilling.
Skjermen till høgre gøymer musikarane.
Ein kabukiskodespelar som fiskeseljar.

Kabuki (歌舞伎, kabuki)er ei japansk teaterform som oppstod på byrjinga av 1600-talet. Kabuki er kjend for ein stilisert spelestil og ei spesiell sminking, den såkalla kumadori-sminkinga. Kraftfulle liner i raudt, blått eller svart skal understreke rørslene til ansiktsmusklane og symboliserer den grunnleggande karakteren til rollefiguren.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Teaterforma blei innført i 1603 av Izumo no Okuni, ei ung jente som tente som miko i Kyoto, då ho tok til å framføra ei ny form for dansedrama på elvebreiddane. Spela, der kvinnelege skodespelarar framførte morosame stykke frå dagleglivet, blei raskt svært populære, og Okuni blei til og med beden om å spela for keisarhoffet.

Etter kvart blei det framført mange stykke som var svært dristige, for ikkje å seia uanstendige, mange av skodespelarane var prostituerte, og atmosfæren blant tilskodarane var ofte valdeleg. I 1629 blei det forbode for kvinner å spela skodespel med den uttrykte grunngjevinga at herskarane ville verna den offentlege moralen. Kabukitradisjonen fortsette med mannlege skodespelarar, men i same stilen, og også desse dreiv ofte med prostitusjon i tillegg til skodespelet. I 1652 forbaud shogunen derfor også unge menn å spela skodespel.

Kabuki blei gjeve status som immateriell verdsarv av UNESCO i 2005.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.