Tsugaru-sjamisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tsugaru-sjamisen-framføring.

Tsugaru-sjamisen 津軽三味線 (eller tsugaru-djamisen) er ein japansk folkemusikalsk sjanger med strengeinstrumentet sjamisen. Sjangeren tok form frå siste del av 1800-talet i distriktet Tsugaru, i den nordlegaste delen av den japanske hovudøya Honshu. Sjangeren inkluderer både folkesong (minyô 民謡) akkompagnert av sjamisen, og den soloinstrumentale musikken der improvisasjon spelar ei sentral rolle. Den sistnemnde instrumentalmusikken har vorte svært populær i dag, både i Japan og internasjonalt.

Ein sjamisen er ein langhalsa lutt med tre strenger, spelt med eit stort plekter. Instrumentet kom frå Kina via Ryukyuøyane til Japan på 1500-talet. I tsugaru-sjamisenmusikken er det ein «tjukkhalsa» type sjamisen som vert nytta. «Brua» som held strengene oppe frå resonanskassa på instrumentet vert plassert lenger nede på kassa enn i andre typar klassisk sjamisenmusikk. Musikaren slår også hardare perkusjonistisk på strengane med plekteret sitt. Alt dette gjev musikken i tsugaru-sjamisen ein skarpare og grovare klang enn i andre sjamisensjangrar.

Distriktet Tsugaru har historisk sett vore eit fattig landbruksområde med hardfør natur. Folk sleit med dårlege avlingar og lite mat. Synshemming var utbreidd på grunn av mangel på ernæring, og dei blinde hadde låg status i samfunnet. Det var nettopp dei blinde som opphavleg spelte tsugaru-sjamisen. Dei levde som omreisande musikarar, og underheldt ved bygdefestivalar, bryllaup, og anna. Musikken deira tok opp i seg element frå andre lokale kunstformer som forteljingsteater, folkesong og religiøs folkerituale. Det var nok eit særs hardt liv musikarane levde, noko som intensiteten i musikken kan vitne om.

Frå byrjinga av 1900-talet auka interessa for tsugaru-sjamisen over heile Japan, og mange plater vart utgjevne med virtuose, blinde musikarar som Nitabô og Shirakawa Gumpachirô. Dei fekk stjernestatus. Dei siste tiåra har Japan igjen opplevd ein «tsugaru-sjamisen-boom». Improvisasjonen i musikken lever enno vidare, og musikken har vorte internasjonalt kjend. Sjangeren har i det siste også vorte meir eksperimentell, og har teke opp i seg element frå globalisert populærmusikk. Samtidig er den lokale, «nostalgiske» folkemusikkarva også godt ivareteken og vidareført.