Tu primo grande amore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Tu primo grande amore»
Singel av Vincenzo Cantiello
Land Italia
Språk Italiensk og engelsk
Utgjeve 3. oktober 2014
Innspelt 2014
Sjanger Poprock
Lengd 3:00
Låtskrivar(ar) Alterisio Paoletti, Fabrizio Berlincioni, Leonardo de Amicis, Vincenzo Cantiello og Francesca Giuliano
Vincenzo Cantiello-kronologi 
«Glitter & Gold»
(2013)
«Tu primo grande amore»


«Tu primo grande amore» er ein singel av Vincenzo Cantiello, gjeven ut 3. oktober 2014. Songen er skriven av Alterisio Paoletti, Fabrizio Berlincioni, Leonardo de Amicis, Vincenzo Cantiello og Francesca Giuliano.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Junior Eurovision Song Contest 2014[endre | endre wikiteksten]

«Tu primo grande amore»
Junior Eurovision Song Contest 2014
Land Italia
Artist(ar) Vincenzo Cantiello
Språk Italiensk og engelsk
Komponist(ar) Alterisio Paoletti, Fabrizio Berlincioni og Leonardo de Amicis
Låtskrivar(ar) Fabrizio Berlincioni, Vincenzo Cantiello og Francesca Giuliano
Resultat
Plass 1
Poeng 159
Italia i Junior Eurovision Song Contest
Ingen «Tu primo grande amore» «Viva»
(2015)

26. september 2014 vart det kjend at Cantiello skulle representere Italia då landet debuterte i Junior Eurovision Song Contest 2014 i MarsaMalta.[1] Både artist og song vart vald internt av Rai Gulp, og 3. oktober 2014 vart «Tu primo grande amore» offentleggjort som det italienske bidraget.[2] Bidraget vart framført på italiensk og engelsk, og vann tevlinga med 159 poeng; 12 frå barnejuryen, San Marino, Slovenia og Montenegro, ti frå Bulgaria, Kroatia, Kypros, Georgia, Ukraina og Malta, åtte frå Armenia, Serbia og Nederland, sju frå Sverige, seks frå Russland og to frå Kviterussland.[3] I tillegg fekk alle landa tolv poeng før poengutdelinga slik at ingen skulle ende opp med null. Røystesystemet var sett saman av 50/50 telefon- og juryrøyster. Hadde ein berre brukt telefonrøyster hadde bidraget enda på tredjeplass med 100 poeng, og hadde ein berre brukt juryrøyster hadde bidraget vunne med 143 poeng. Sigeren gjorde Italia til det fyrste landet som vann same år som dei debuterte, om ein ser vekk ifrå sigeren til Kroatia i den fyrste utgåva av tevlinga i 2003. Det var òg fyrste gong ein song med tekst på italiensk vann tevlinga.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Italy names Vincenzo Cantiello as representative» (på engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 9. november 2015. 
  2. «Listen to the Italian entry - 'Tu primo grande amore'» (på engelsk). Junioreurovision.tv. 3. oktober 2014. Henta 9. november 2015. 
  3. «BREAKING NEWS: Italy Wins!» (på engelsk). Junioreurovision.tv. 15. november 2014. Henta 9. november 2015.