Tucker Carlson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tucker Carlson
Tucker Carlson by Gage Skidmore 2.jpg
Fødd 16. mai 1969
San Francisco
Yrke kommentator, kolumnist, programleiar, journalist, skribent
Far Dick Carlson
Tucker Carlson på Commons

Tucker Swanson McNear Carlson (fødd 16. mai 1969) er ein amerikansk konservativ politisk kommentator. Han har vore programvert for talkshowet Tucker Carlson TonightFox News sidan 2016.

Carlson vart journalist i 1990-åra, då han mellom anna skreiv for bladet The Weekly Standard. Han var kommentator på CNN, frå 2000 til 2015, og vert i programmet Crossfire. Deretter var han vert for det nattlege programmet TuckerMSNBC, frå 2005 til 2008. Han har vore ein politisk analytikar for Fox News sidan 2009. I 2010 var Carlson med på å skipe og drive den konservative nyhende og meiningsnettsida The Daily Caller.

Tidleg i karrieren sin var Carlson sett på som ein libertariansk politisk kommentator. I nyare tid har han uttrykt skepsis for libertariansk økonomisk politikk og tilpassa seg amerikansk nasjonalisme og høgrepopulisme. Carlson har skrive to bøker, memoaren Politicians, Partisans and Parasites: My Adventures in Cable News frå 2003 og Ship of Fools: How a Selfish Ruling Class is Bringing America to the Brink of Revolution frå 2018.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]