Tumblr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tumblr
Tumblr Logo.svg
Logo
URL http://www.tumblr.com/
Type Privat
Emne Nettsamfunn, mikroblogging
Språk Engelsk
Eigar David Karp
Oppretta Februar 2007[1]

Tumblr, utforma som tumblr. i logoen sin, er ein mikrobloggingplattform som lar brukarane poste tekst, bilete, video, linkar, sitat og lyd til sin «tumblelog». Brukarar kan følgje andre brukarar sine bloggar. Dei kan òg gjere bloggane sine private.[2][3]

Per februar 2015 var det over 221 million bloggar på Tumblr.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

David Karp, Tumblr-skipar og administrerande direktør.
Tidlegare teknisk direktør (CTO), Marco Arment.

Utviklinga av Tumblr starta i 2006, og blei lansert i februar 2007.[5] I løpet av to veker, hadde tenesta fått 75 000 brukarar.[6] Arment forlèt selskapet i september 2010 for å fokusere på Instapaper.

I byrjinga av juni 2012 heldt Tumblr sin fyrste store merkevareannonseringskampanje i samband med Adidas. Adidas lanserte ein offisiell fotball Tumblr-blogg og kjøpte plassering på brukaren sin dashbordet. Denne lanseringa var berre to månader etter at Tumblr kunngjorde at dei ville byrje med betalt annonsering på nettstaden sin.

Den 20. mai 2013 vart det kjent at Yahoo! og Tumblr hadde inngått ei avtale der Yahoo! skulle kjøpe Tumblr for $ 1.1 milliardar i kontantar. Mange Tumblr-brukarar var misnøgt med desse nyhenda og starta ein underskriftskampanje som fekk nesten 170.000 underskrifter. David Karp vart verande som CEO og avtala vart gjennomført den 20. juni 2013.

Tumblr sitt hovudkvarter i East 21st Street i New York.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Pr. den 1. februar 2015 er det over 221 300 000 bloggar på Tumblr og meir enn 102 500 000 000 innlegg totalt. I april 2013 fekk nettstaden meir enn 13 milliardar sidevisningar verda over. Per 1. februar 2015, blei meir enn 88 million innlegg laga på nettstaden kvar dag. Tenesta er mest populær blant tenåringar og college-alderen, ettersom halvparten av Tumblr-brukarar er under 25 år.

Seksuelt innhald[endre | endre wikiteksten]

Mange teknologijounalistar har påpeikt at Tumblr har ei betydeleg mengd av pornografisk innhald, der det nøyaktige beløpet er berre kjent for selskapet sjølv. The New York Times sa at «pornografi representerar ein brøkdel av innhaldet på nettstaden, men ikkje ei triviell mengd for ein nettstade med med 100 millionar bloggar». Karp avslørte i juni 2012 at mellom 2 og 4 prosent av Tumblr sine innlegg er pornorelatert. Tumblr sine retningslinjer for fellesskapet tillèt pornorelatert innhald, men krev at bloggar som inneheld betydeleg seksuelt innhald skal flaggast som såleis. Det er ikkje lov å laste opp seksuelt eksplisitte videoar til nettstaden, men videoar lagt ut andre stadar kan leggast inn.

Etter retningslinjene vedtekne den 20. juli 2013 meiner Tumblr at sider som er klassifiserte som «NSFW» ikkje vil visast i tag-sider for brukarar som ikkje er logga inn eller som har «Safe Mode» aktivert.

Sjølvskading og sjølvmord[endre | endre wikiteksten]

I februar 2012 annonserte Tumblr-tilsette at dei ville forby bloggar med innhald som fremmar eller forkjempar sjølvmord, sjølvskading og spiseforstyrringar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Press Information" (Engelsk). Tumblr.. Vitja 5. juli 2013.
  2. "Tumblr Makes Blogging Blissfully Easy". (Engelsk). Boutin, Paul. 'The New York Times (13. mars 2009). Vitja 5. juli 2013.
  3. "These 19 Social Networks Are Bigger Than Google+". (Engelsk). Business Insider.. Vitja 5. juli 2013.
  4. Tumblr "About Us". (Engelsk). Tumblr.. Vitja 5. juli 2013.
  5. David Karp: When It All Came Together (Video). Handlinga skjer 1:03. (Engelsk). Karp, David. Fast Company. (12. desember 2011). Vitja 5. juli 2013.
  6. "Google VC, Tumblr CEO Among the Top Innovators Under 35" (Engelsk). Ingram, Matthew. Giga Omni Media. (25. august 2010).). Vitja 5. juli 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]