Tungefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 57°59′38.065″N 7°23′25.318″E

Tungefjorden er ein liten fjord i Lindesnes kommune. Han ligg sørvest for sjølve Mandal, vest for Mannefjorden og har innløp frå Skagerrak. Han strekkjer seg 3 km nordvestover mot øya Hille, der han endar opp i Hillevågen. På nordsida av fjorden ligg øyane Mannevær, Steinsøy og Langøya. På nordsida av Hille ligg Kvåfjorden.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Agder å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.