Tungland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tungland er ein bydel av Jørpeland by som ligg i Strand kommune. Tungland består i hovudsak av bustadbebyggelse med noko innslag av industri og jordbruk. Bydelen grensar til Jørpeland, dela av Tunglandselva i nord, og til Jøssang i sør. På østsida strekk Tunglandsfjellet seg bratt opp i høgda, mens vestsida grensar til Idsefjorden.

Gardsnavn og forhistorie

Gardsnamnet har blitt skrive på følgjande måtar opp gjennom tidene. Togeland, Twngland, Tvngeland, i 1519 og 1521; Thingelandt og Thungelandt i 1563, Tunngland i 1567, Thungeland i 1602,Tungland i 1610, Tungland i 1661, og Tungland i 1723 og seinare. Den lokale uttalen har vore Tonglann.

Gardsnamnet er samansett med -land, derfor kan det vere grunn til å tro at namnet er frå folkevandringstida, år 400-800 e.kr. Første stavinga kjem truleg av "tunga" som her tyder landtunge.

Fleire fornminne er registrert på Tungland. I "Tadraskaret" ligg ein nefallen bautastein; 1,65m høg. 0,6m på det breiaste, 0,35m på det smalaste og 0,25 tjukk. På "Storevikhammaren" er det funne ein vakker dolk av grå flint. På eit anna bruk står det ein bautastein. Den blir kalla "Piggsteinen" og er 3,3m høg. Største breidde 0,35m og 0,25m tjukk. På begge sider av denne bautasteinen skal det ha vore gravrøyser, men desse er nå fjerna. Ei gravrøys på eit anna bruk er også fjerna.

Lokale stedsnavn på Tungland

Storebjynnshammaren, Litlebjynnshammaren, Glytte, Kalvops, Vegane, Steinhagen, Krokhøl, Myrå, Tadraskaret,