Turaelva
Utsjånad
| Tura | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 80 400 km² | ||
| Lengd | 1 030 km | ||
| Munning | Tobol | ||
![]() Turaelva 57°47′51″N 67°15′23″E / 57.7975°N 67.256388888889°E | |||
| Wikimedia Commons: Tura River | |||
Tura (russisk Тура́), òg kalla Dolgaja, er ei elv i Sverdlovsk og Tjumen oblast i Russland og ei av sideelvane til Tobol frå venstre. Elva er 1030 km lang og har eit nedslagsfelt på 80 400 km².
Tura er farbar for båtar 753 km oppover frå munningen. Ho frys til i slutten av oktober, og er islagd til april/mai.
Dei største sideelvane hennar er Salda, Tagil, Nitsa og Pysjma.
Byer som ligg ved Tura er Verkhnjaja Tura, Nizjnjaja Tura, Verkhoturje, Turinsk og Tjumen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tura» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2008.
