Turgon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Turgon er namnet på ein alvekonge i J.R.R. Tolkiens bok Silmarillion. Han er mest kjent som kongen av det løynde kongedømet Gondolin, og som far til Idril og morfar til Eärendil.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Turgon var son av alvekongen Fingolfin, og yngre bror av Fingon. Han vart fødd i Valinor i første heimsæva og levde den første delen av livet sitt der. Som ung heldt han mykje lag med sønene til Fëanor.

Då mørkret fall over Valinor, valde han, som broren og søstera å følgje far sin til Midgard, etter at Fëanor hadde eggja dei med store talegåver. Sidan han og Fingon gjorde seg skuldige i frendedrapa på hamna i Alqualondë, hamna han under Valabannet og vart landlyst frå Valinor. Turgon, faren og broren vart svikne av Fëanor og laut trasse den harde overferda på Helcaraxë, der kona hans, Elenwë, mista livet. Dottera Idril overlevde.

I Midgard sette Turgon opp kongedøme i Nevrast på havsstranda nord om Beleriand, med reiste ofte på veiding i lag med frenden sin Finrod. Havsvalaen Ulmo kom til dei og gav dei råd om kvar dei skulle opprette løynde kongedøme til vern mot Morgoth, og Turgon sette bu i ein løynd dal der han grunnla byen Gondolin. Denne byen var så løynd at ingen fann han, og folket hans heldt seg der i lang tid. Turgons hær kom fram og kjempa i Nirnaeth Arnoediad, men heldt seg for det meste i løynd.

Ulmo hadde bede Turgon om å leggje att hærklede i Nevrast, og varsla han om at ein skulle koma frå havet med åtvaring til han. Denne eine var Tuor av Hadorsætta, ein mann med bod frå Ulmo. På denne tida hadde Turgon teke til å tru at han aldri ville falle, men han vart sviken av søstersonen Maeglin, og av Húrin, som og trudde Turgon ville hjelpe han. Morgoths hær fann dei til sist, og Gondolin fall. Frå byen rømde ein flokk ført av Idril og Tuor, medan Turgon sjølv fall framfor sin eigen kongsstol.

Turgon var den tredje høgkongen over dei utlæge alvane i Midgard, og fekk tittelen etter at broren Fingon fall i Nirnaeth. Etter Turgon gjekk tittelen til brorsonen Gil-Galad, som sat som høgkonge til slutten av Andre Heimsæva. Turgon åtte sverdet Glamdring, som seinare vart funne og bore av trollmannen Gandalv.

Utvikling innanfor legendariet[endre | endre wikiteksten]

I The Book of Lost Tales finn ein tilvisingar til Turgon alt i første utgåva av avsnittet "The coming of the elves" frå om lag 1918. Her finn ein namnet Turondo (som og er kalla Turgon), som son av alvekongen Finwë Nolemë eller Golfinweg, som seinare vart brigda til Finwë. I den opphavlege versjonen er Turondo son, ikkje soneson av Finwë, og han er til stades når alvane først kjem til. Alt tyder altså på at figuren Turgon er ein av dei eldste i Tolkiens legendarium. Sameleis er det med byen Gondolin, som finst i tekster frå same tid.

I eit seinare utkast blir Turgon fødd når alvane kjem attende til Midgard, men kjem i trette med Fëanors søner om kongemakta.