Hopp til innhald

Turnaren Takashi Ono

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Takashi Ono


Statsborgarskap Japan
Fødd 26. juli 1931 (92 år)
Noshiro
Idrett turn
Tok del i

Sommar-OL 1964, Sommar-OL 1952, gymnastics at the 1956 Summer Olympics – men's horizontal bar, gymnastics at the 1960 Summer Olympics – men's horizontal bar, gymnastics at the 1956 Summer Olympics – men's parallel bars, gymnastics at the 1960 Summer Olympics – men's parallel bars, gymnastics at the 1956 Summer Olympics – men's pommel horse, gymnastics at the 1960 Summer Olympics – men's rings, gymnastics at the 1960 Summer Olympics – men's vault

Utmerkingar

Person med spesielle fortjenester innen kultur

Takashi Ono (fødd 26. juli 1931) er ein japansk tidlegare turnar frå Noshiro. Med fem gullmedaljar, fire sølvmedaljar og fire bronsemedaljar frå fire olympiske sommarleikar er han ein av dei store medaljegrossistane innom turnsporten.

Ono vann si fyrste olympiske medalje under Sommar-OL 1952 i Helsinki, ein bronsemedalje i hopp. To år seinare fekk han og Japan sølv i lagkampen ved Turn-VM i Roma. I Melbourne i desember 1956 vart han den fyrste japanske turnaren som vann ein olympisk gullmedalje med di han sigra i svingstang. I tolvkampen fekk han sølv, fattige 0,05 poeng bakom Sovjetunionens Viktor Tsjukarin. Ved verdsmeisterskapen 1958 i Moskva sanka Ono fire sølvmedaljar og ein bronse. Han vart mellom anna andremann i tolvkampen, berre arrangørlandets Boris Tsjaklin fekk fleire poeng. Under Sommar-OL 1960 i Roma vann Ono både svingstang og hopp. Som den beste turnaren i det japanske mannskapet bidrog han mykje til at Japan for fyrste gong vann den olympiske lagkampen. I tolvkampen enda han på ny på sølvplassen, einast 0,05 poeng bak Boris Tskaklin. Sommaren 1962 vart Ono verdsmeister i svingstang og i lagkamp ved Turn-VM 1962 i Praha. I Tokyo-OL 1964 var Ono med i seksmanns-laget som sikra OL-arrangøren nok ein olympisk gullmedalje i lagkamp.