Tusj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tusjkloss, pensel og blandestein for tradisjonelt austasiatisk tusjmåleri.

Tusj (frå tysk, opphavleg av fransk toucher, 'røre ved')[1] er ein blekktype som kan brukast til å teikna eller måla med. I nyare tid kan det også visa til lettflytande fargar til teiknebruk, og til ein tusjpenn som inneheld slike fargestoff.[2]

Tusj blei opphavleg laga i Kina rundt 2500 f.Kr. Det blei laga som ei vassrik blanding av pigment, til dømes sot, med lim eller blodserum som bindemiddel. Seinare tok ein i bruk andre bindemiddel som tragant, gummi arabicum, skjellakk og anna.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «tusj» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 «tusj». Store norske leksikon (på norsk). 29. september 2014.