Tverrfjorden i Loppa

Koordinatar: 70°13′30.774″N 22°15′13.817″E / 70.22521500°N 22.25383806°E / 70.22521500; 22.25383806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

70°13′30.774″N 22°15′13.817″E / 70.22521500°N 22.25383806°E / 70.22521500; 22.25383806

Tverrfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Loppa
Kart
Tverrfjorden i Loppa
70°13′31″N 22°15′14″E / 70.225215°N 22.25383806°E / 70.225215; 22.25383806

Tverrfjorden (samisk Doaresvuotna) er ein fjordarm av Øksfjorden i Loppa kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 2 km sørvestover til Tverrfjordbotn.

Fjorden har innløp mellom Sirineset i nord og Tverrfjordneset i sør. Frå Sirineset går det ferje over til Øksfjord på andre sida av Øksfjorden. Sletta er ei lita grend som ligg på nordsida av fjorden. Det ligg òg spreidde bustader på sørsida.