Twickler Cone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Twickler Cone
fjell
Land  Antarktis
Fjellkjede Asgard Range
Topp Victoria Land
 - høgd 1 950 moh.
 - koordinatar 77°37′S 162°22′E / 77.617°S 162.367°E / -77.617; 162.367
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Twickler Cone
77°37′00″S 162°22′01″E / 77.6167°S 162.367°E / -77.6167; 162.367
Twickler Cone is located in Antarktis
Twickler Cone (Antarktis)

Twickler Cone er eit kjegleforma fjell i Asgard Range i Victoria Land, med ei høgd opp mot 1950 moh på ryggen mellom den øvre delen av Bartleybreen og Newallbreen. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) i 1997 etter Mark S. Twickler, ein spesialist i å hente ut, analysere og tolke iskjerneprøvar. Han var mange sesongar i i Antarktis og Sør-Grønland, 1984–95. Han var administrerande direktør i National Ice Core Laboratory-Science Management Office frå 1997. Han var medlem av feltlaget frå University of New Hampshire, 1988–89, og deltok i den glasiokjemiske undersøkinga av to isprøvekjernar på ei djupne på 150 og 175 meter i nærleiken av dette fjellet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Twickler Cone» (innhald frå Geographic Names Information System).